Dagens etymologi: Sau

Smalahåve. Fenalår. Fårepylsa. Sau. SmålogFe. Kjært barn har mange namn, og dagens etymologi handlar om det som historisk sett kanskje har vore det viktigaste dyret i norsk jordbruk. For smale, fenad, får, sau, smålog og fe er ord som alle blir brukt om dette dyret, sjølv om enkelte av orda òg kan bli brukt om andre dyr.

Desse smalane har det travelt med å halda kulturlandskapet på Lykling på Bømlo. Foto: Krister SK Vasshus.

Ordet fenad har samanheng med fe, og har det same etterleddet som orda søknad og kostnad. Ordet fe kjem sannsynlegvis frå ei indoeuropeisk nemning for å fjerna hår/ull, gjennom tydinga 'dyret som har ull'. Men det er òg verdt å nemna at fe har vore eit ord for rikdom på grunn av tidligare tiders økonomisystem. Dette har fått enkelte til å tru at ordet opphavleg har vore ei nemning for lausøyre (altså rikdom som lett kan flyttast på), men dei ekspertaste ekspertane meiner altså framleis at ordet har med ull å gjera. Eit nært beslekta indoeuropeisk ord som ein trur har betydd 'sauefell', er utgangspunktet for ordet får

Smale er eit ord som ikkje blir brukt i særlig stor grad lenger, men alle kjenner nok likevel til ordet frå samansetjinga smalahåve, som er ein uttalebasert stavemåte av smalehovud. Og smalen har fått namnet sitt rett og slett fordi dyret er smalt og ikkje tjukt.

Distribusjonskart over ulike ord for sau i Norden. Kjelde: Oskar Bandle (1973). Die Gliederung des Nordgermanischen, kart nr. 7.

På kartet over ser du ein omtrentleg distribusjon av ulike ord for sau. I det svenske området ser me eit ord, tacka, som ikkje førekjem andre stader. Dette ordet har samanheng med dei norske orda tikke, som betyr søye, og tik, som betyr hodyr eller tispe. Ordet tacka har altså med kjønnet å gjera.

Smålog er ei samansetjing som kanskje kan samanliknast med ordet kyrlag. Kyrlag er eit ord som antan blir brukt om ku eller noko som har same verdi som ei ku, f.eks. seks sauer eller ei viss mengde smør. Det kunne òg bety 'seks stykk', og bli brukt om fisk eller menneske. Etterleddet log i smålog er moglegvis fleirtal av lag, som i noko som ligg som eit lag utover ei flate.

Ordet som dei fleste nordmenn til dagleg bruker om dette dyret, er sau. Dette ordet har samanheng med verbet å syda, som tyder 'å koka'. Sauen er altså dyret me koker, og dette seier vel noko om at kjøtet egner seg godt til langkokte gryteretter som fårikål og lapskaus.