Dagens etymologi: Gjest

Ordet gjest er eit spennande ord på mange måtar. I norsk kjenner me ordet med tydinga 'person som er på besøk', men i mellomalderen og vikingtida kunne det ha fleire tydingar, som for eksempel 'utlending'. Dei norske ninjaane blei òg kalla gestr, som er den norrøne forma av ordet gjest

Går me endå lenger tilbake, i urnordisk tid (ca. 200-700) blei ordet brukt som element i personnamn. Ein av dei mest berømte runeinnskriftene i Norden, på eit av gallehushorna, blei laga av ein mann som heitte Hlewagastiʀ. Etterleddet -gastiʀ tilsvarer det morderne norske gjest, og me kjenner til mange både nordiske og kontinentalgermanske personnamn som har dette etterleddet. 

Innskrifta på gallehushorna lyder sånn: Ek Hlewagastiʀ holtijaʀ horna tawido = Eg Legjest frå Holt gjorde horna. Foto: Bloodfox. Tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0.

Etter alt å dømma, inneheld den eldste germanskspråklege innskrifta eit gastiʀ-namn. På ein etruskisk bronsehjelm frå Negau (Negova) i Slovenia, har nokon skrive med det etruskiske alfabetet "harikastiteiva". Dette er nok ein måte å skriva "Harigasti teiwa" på, som har blitt oversett til "Harigasti, guden Tys prest". Harigasti tyder forresten Hærgjest, og består av to ganske typiske germanske namneledd. Hjelmen som innskrifta står på blei gravlagd ca. 50 år før vår tidsrekning, så bokstavane må ha vore innrissa før då.

Me finn mange slektningar til ordet gjest i nært slekta språk, som engelsk guest, frisisk gast og tysk Gast. I kyrkjeslavisk finst ordet gostǐ, som òg tyder 'gjest'. Ordet kjem frå indoeuropeisk *ghosti-, som i latin utvikla seg til hostis med tydinga 'framand, fiende'. Dette latine ordet speglar seg i det engelske hostile, som er lånt frå mellomfransk. Den opphavlege tydinga må då ha vore 'framand', som anten kunne vera vennleg eller uvennleg. Eg synest ordet er eit godt eksempel på korleis gradvis endring og utvikling av tydingsnyanse kan endra meiningsinnhaldet i (etymologisk sett) eitt og same ord. Men sjølv om ordet gjest har ein positiv assosiasjon i moderne norsk, kan ein godt diskutera korleis me skal tolka personnamn som Naudigastiʀ (Naudgjest) og Harigasti (Hærgjest), og om det ligg ein spesielt velkommen haldning bak desse namna. Og at dei overnemnde norske ninjaane ikkje har vore velkomne der dei dukka opp, kan me vera ganske sikre på!