Korfor har danske dialektar eit keltisk ord for grevling?

Tidlegare har eg skrive om at den danske teljemåten liknar teljemåten som finst i fleire keltiske språk. Då skreiv eg at danskane nok hadde funne på sin eigen teljemåte sjølv, og ikkje lånt det frå andre stader. Men når me møter på ordet brok for grevling i jyske dialektar, byrjar det å bli interessant, for brok er eit keltisk ord for grevlingen. Kan ein dansk-keltisk språkkontakt ha gått språkvitskapen hus forbi? 

Nei. For det første er ikkje kontakten mellom nordiske språk og keltisk noko nyfunn. Vikingane møtte keltisk på dei britiske øyene og i Bretagne i Frankrike, så me veit at desse folka hadde kontakt med kvarandre. For det andre er ikkje brok eit direkte lån frå keltisk, for det har nemlig gått gjennom gamalengelsk. Gamalengelsk blir somme tider òg kalla angelsaksisk

Ein vaskeekte engelsk grevling. Foto: Chris P. Tilgjengeleg under CC BY 2.0.

Litt om språkhistoria på dei britiske øyene: Keltiske språk var dominerande på dei britiske øyene både før og mens romarane haldt til der. Då romarane stakk på starten av 400-talet, tok det ikkje lang tid før jydar, anglar og saksarar kom, og i laupet av dei neste par hundre åra danna dei fleire gamalengelske kongedømme. Anglane gav namn på både språket og landet, men sjølv om store delar av dei britiske øyene hadde germanske kongar som styrte, var dei keltiske språka kraftig til stades, og engelsk har rikeleg med keltiske lånord. Eit av desse orda var broc, som var det gamalengelske ordet for grevlingen. 

Korfor har dette ordet så kome til Jylland? Som eg før har skrive, påverka dei nordiske språka engelsk i vikingtida sånn at det engelske språket er fult av lånord frå skandinavisk. Men påverkinga gjekk begge vegar, og derfor lånte me ein del ord frå gamalengelsk inn i dei nordiske språka. For eksempel kom mange ord knytt til kirstendommen inn i norsk frå gamalengelsk, som røykelse, kyrkje og kristen. Koloniområda på dei britiske øyene var område som danna grobotn for omfattande utveksling av personar, teknologi, språk, kultur og religion mellom den gamalengelske og den oldnordiske verda. Eirik Blodøks var for eksempel konge over Jorvik (York), mens halvroren hans, Håkon den gode, var oppfostra hos den engelske kongen Adalstein av Wessex. Eit par generasjonar seinare var Knut den mektige konge over England, Noreg og Danmark. 

Daks betyr grevling, så dette er ein grevlinghund.
Men korfor haldt dei ikkje på det gamle ordet for grevling i jyske dialektar? For grevling må vel vera eit gamalt ord samansett av verbet grava og etterleddet -ling (som i kylling og tvilling)? Faktisk ikkje. Ordet grevling kjem frå eit mellomlågtysk ord, gravink, som har blitt endra litt på då det kom inn i skandinavisk. Det verkeleg gamle ordet for grevlingen finst i nokre norske dialektar i forma toks og samansetjinga svinktoks. Toks er etymologisk identisk med tysk Dachs, som tyder grevling. Ein dakshund er altså ein type hund som blei brukt i grevlingjakt. Eg har til nå ikkje sett ein overbevisande etymologi til ordet toks, men det har blitt samanlikna med eit hettittisk ord for "en kroppsdel i bukpartiet, sannsynligvis særlig området rundt kjønnsdelene og gattet" (sitat frå boka Våre arveord s. 1093). Kan det gamle ordet for grevling bety noko sånt som 'skrukk'? Ut ifrå dette eine ordeksempelet kan me ikkje seia noko sikkert – men komisk er det i alle fall! Uansett er det altså ikkje berre jydane som har bytta ord på dette dyret.

I danske dialektar og riksspråk finn me mange ord knytt til kongsmakt og adel som er lånte frå gamalengelsk, og nokre av desse orda er knytt til jakt. Jakt var ein ynda fritidssyssel for adel, og mange stader òg eit privilegium utelukkande for adel og kongsmakt. Dette kan vera ein grunn til at akkurat brok blei tatt opp som lånord i danske dialektar, men det blei altså ikkje lånt direkte frå keltisk.

For å skriva denne teksten har eg brukt følgande kjelder:
- Harald Bjorvand & Fredrik O. Lindeman (2007). Våre arveord - Etymologisk ordbok.
- Peder Gammeltoft & Jakob P. Holck (2007). Gemstēn and other english pearls - A survey of early old English loanwords in Scandinavian. Artikkel i Nowele volum 50/51.
- Peder Gammeltoft & Jakob P. Holck (2008). Regionalitet og sproglig kontakt i vikingetid og middelalder. Artikkel i Hikuin volum 35.