Ein fjert utan fart

Eg kom forleden til å tenka på det flotte ordet fjerta 'fisa'. Det er eit ord me finn me i heile Norden, f.eks. islandsk freta, dansk fjærte, og engelsk fart. Før eg tok til ordbøkene for å undersøka dette ordet nærare, gjekk eg ut ifrå at ordet kom frå substantivet fjert, og at dette var ei avleiing av verbet fara. Dette viste seg å vera eit uriktig gjett, for fjerta er eit verb som går igjen i andre indoeuropeiske språk.

Japansk fjertekamp frå 1864. Ukjent kunstnar.

Den norrøne forma freta (saman med moderne islandsk og færøysk freta, og det nynorske frata) viser omstilling av r og vokal (ein såkalla r-metatese), noko som finst i andre tabubelagte ord, f.eks. mellom norsk rass og det etymologisk identiske arse på engelsk. I andre indoeuropeiske språk finst  beslekta former av fjerta, som latvisk pirst, russisk perdét og gamalindisk pardate med den same tydinga som i norsk. Desse orda tyder på at indoeuropearane hadde eit onomatopoetisk (altså lydhermande) ord for å fisa. Fiselyden "prd" blei gitt ein uttalehjelpande vokal, og sånn fekk ein ordet *perd, som vidareutvikla seg i dei ulike indoeuropeiske språka.

Men korfor trudde eg at fjerta hadde med verbet fara å gjera? Sannsynlegvis på grunn av likskapen ordet har med ferd og fjord, som begge er substantivsavleiingar av rota i verbet fara. Og fordi ein fjert trass alt fer ut i det store kosmos frå innsida av ein liten kropp. Mange andre ord er òg danna på bakgrunn av fara. Ei ferd er å fara langt av garde, mens den opphavlege tydinga i fjord nok har vore 'vadesstad, overfartsplass'. Ford (uttala "fór") er eit anna substantiv som i norsk mest finst i stadnamn, og dette ordet kjem av fara. Ein ford er ein veg over myr, våtmark eller små vassdrag, og finst i namn som Forus, eller i andre germanske språk som Oxford og Frankfurt. Skal du på ski, må du tenka på korleis skiføret er, og eit føre fortel noko om kor lett du kan fara ein plass. Skal du hjelpa nokon å fara, kan du òg føra dei. Fart har du nar du fer fort.

Ein vadestad, som nok var tydinga bak det etymologiske opphavet i ordet fara. Bilde S. Plaine. Tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0.

Som du ser, har me mange ord som er danna på bakgrunn av verbet fara. Men sjølv om fjerten er noko som farer, ofte med god fart, har desse orda altså ikkje samanheng. Fara ser ut til å ha hatt ei nær kopling til å bevega seg over vatn, jamfør avestisk pǝrǝtu- 'bru', kymrisk rhyd 'vadestad' og gamalindisk píparti 'setter nokon over til den andre sida'.