Skandinaviske ord for snø

Kor mange ord for snø har inuittane? Om du tenkte "100!", har du høyrt det same som eg blei fortalt på barneskulen. Kor riktig dette er, tør eg ikkje å svara på, for eg er ikkje nokon ekspert i eskimoisk-aleutiske språk. Men kva med skandinavisk? Dei skandinaviske språka blir brukt i eit område som òg er ganske nordleg, så korfor har ikkje me like mange ord for snø? Etter alt å døma, så er skandinaviske dialektar proppfulle av ulike ord for snø, og det er ikkje umulig at me kan nå over 100 dersom alle orda kom inn på ei enkelt liste. Fokk, føyk, fjon, fnugg, fjom, kram, skare, sludd, slaps, slette, sørpe, fonn, bre, kav, skavl, pudder, mjell, fån, jøkul... Og så vidare. I tillegg kjem mange samansetjingar, som snøgraut, laussnø, sporsnø, og så vidare. Å lista opp alle desse orda ville vera ei omfattande oppgåve, og sånne lister høyrer kanskje ikkje heime i ein lettlest blogg som dette. Men la oss sjå nærare på nokre av orda eg allereie har nemnd.

Føyk og fokk har samanheng med verbet å fyka, så her er det snakk om snø som blir ført av vind. Når snøen er kram, klemmer han seg fast i skoa dine, og ordet har samanheng med at svenskane krammar når dei gir ein klem. Slaps er lydhermande, og er i nær slekt med ordet slafs. Sjå føre deg å gå i våt snø - det seier "slafs, slaps, slafs, slaps". Fjon, fjom og fnugg er ulike ord for små støv eller lette partiklar, og passar godt som ord på lette snøfnugg. Pudder er sjølvsagt det same som alt anna pudder, laust og lett. Det same er mjell, som har samanheng med ordet mjøl.

Kjenner du til andre ord for snø?

Der finst kanskje ikkje like mange ord for snø som der finst ulike snøfnugg, men det er kanskje like greit.