Fuð ok vingull. Om norrøne kjønnsdelar.

Me har vore innom emnet tabu eit par gongar før på denne bloggen, både når det gjeld dyr og tabu, og frå det kroppslege domenet omkring fising. Nå skal me igjen innom eit emne som i alle fall til ein viss grad er tabubelagt. Forleden blei eg spurt om kva det norrøne ordet for det mannlege kjønnsorganet var. Etter ei hurtig analyse av det mentale runeleksikonet mitt fann eg berre ord for det kvinnelege organet. I fleire runeinnskrifter finn me nemleg ordet fuð, som tyder 'fitte'. Her er eit eksempel, innskrift B434:

Jón silkifuð á mik en Guþormr fuðsleikir reist mik en Jón fuðkula ræðr mik.
Jon silkefitte eig meg, og Guttorm fittesleikar rista meg, og Jon fittekule tydar meg.

Ein annan innskrift (B11), som riktignok er vanskelegare å tolka, ser ut til å vera skrive i skaldeversemålet drottkvætt. Transkripsjonen av denne runeinnskrifta er sånn: felleg er fuþ sin bylli. Der er fleire tolkingsalternativ til denne innskrifta, men eitt av dei er "herleg er fitta, måtte pikken skjenka ho!"

I den yngre fuþarken hadde dei ikkje ei eiga rune for lyden ð, men dei nytta altså runa þ for å representera ð. Når ein møter på innskrifter med dei tre runene fuþ, skal ein vurdera om det er ordet fuð eller ei forkorting av formelen fuþark. Snur ein pinnen B11, ser ein formelen fuþorglbasm. Umiddelbart vil ein kanskje tenka at dette ser ut som ein forvanska fuþark-formel, noko som òg er eit realistisk tolkingsalternativ. Eit anna tolkingsforslag er at delar av innskrifta er ei samansetjing av fuð-ǫrg, der ǫrg skulle bety "behersket av ustyrlig og hensynsløs vellyst", ifølge Terje Spurkland. Forma på ordet er bøygd i hokjønn, så det skulle altså vera snakk om ei elskovsvill kvinne. 

Ein møter òg ordet fuð i andre samanhengar i det norrøne tekstmaterialet. For eksempel er samansetjinga fuðflogi ein term for menn som flyktar frå ekteskapsinngåinga, og tyder bokstaveleg 'ein som flyg vekk frå fitta'. Det moderne ordet fu kjem av det norrøne fuð, sjølv om fu i dag tyder rumpe. 

Såkalla heilage kvite steinar blei laga i jernalderen, og er forma som ståpikkar. Men kva kalla dei denne kroppsdelen? Bilde er av Dønnafallosen frå Helgeland.

Som me ser her, har me altså kjelder til eit norrønt ord for det kvinnelege kjønnsorganet. Kva så med det mannlege? I innskrifta på B11 finn me ordet sin, som vanlegvis tyder 'sene', men som òg blir brukt om kjønnslemmen på hanndyr. Dette penis-ordet ser altså ut til å vera ein metafor danna på bakgrunn av ein viss likskap med andre sener i kroppen. Vingull er eit anna penis-ord, og det blir brukt om hestekuk. Teoretisk sett kan vingull òg ha vore brukt om tissefantar generelt. Men vingull var òg artsnamnet på ein type gras som i moderne norsk blir kalla svingel, og dessutan inngår eit vingull i namnet på småkongedømmet (og seinare jarledømmet) Vingulmark. Er dette så òg ein metafor, der dei oppreiste grasstråa blir samanlikna med ein stivas? Snarare tvert imot. Vingull ser ut til å ha samanheng med verbet vnigla, og ein pikk vniglar altså først og fremst når han ikkje er stiv. Vingla og vingull kjem av eldre ordstoff som har gitt etterkommarar i mange germanske språk, til dømes engelsk swing og tysk schwingen. Når det gjeld namnet på Vingulmark, kan tydinga i forleddet ha vore topografisk, altså at der var ein særleg sving i landskapet i området, men tolkinga her er usikker. Andre ord for hestekuk, var dindill og beytill. For meg framstår beytill som ei avleiing av ordet bauta, men eg har ikkje funne nokon overbevisande etymologi for dindill anna enn at det moderne islandske dyndill tyder 'hale'.

Mykje tyder altså på at det var mest passande å skriva om hestekukar i norrøn tid, men menneskepikken blir òg nemnd med ordet (h)reðr. Dette ordet finst framleis i norsk i forma red, og islandsk reður, som begge tyder 'pikk'. Det er òg slekta med det islandske hreðjar, som tyder pung. 

Namnet på denne soppen er kjuke, og dette ordet er kanskje i slekt med ordet kuk. Bilde: Krister SK Vasshus.

I dag brukar me ord som fitte, kuk og pikk, og ingen av desse orda er å spora i skriftlege kjelder frå norrøn tid. Men tyder det at dei ikkje blei brukte i det norrøne språket? Når det gjeld kuk, dukkar det opp som tilnamn i mellomnorsk (språket mellom ca. 1349 og 1550), og etymologisk plar ein å stilla ordet saman med artsnamnet kjuke 'soppart som veks på trestammar' og det islandske kjúka 'mjuk ost, knoke'. Den opphavlege tydinga i alle desse orda har nok vore 'klump', før dei har utvikla sine særbetydingar etter kvart som tida gjekk. På eit ribbein frå slutten av 1000-talet, finn me runeinnskrifta Starigard/Oldenburg 4, og der står følgande: kukr:kuskutu. Dette skal lesast som kúkr kys kuntu!, moderne norsk 'kuk, kyss kunta!'. Kuk har altså blitt brukt både i norrønt, mellomnorsk og moderne norsk som penis-ord. Den danske Gravlev-pinnen har ei innskrift som òg moglegvis inneheld ordet kuk, men denne innskrifta er særs vanskeleg å tolka sikkert, trass i at pinnen som innskrifta står på liknar ein kuk

Kva med pikk? Ordet har slektningar i mange germanske språk, der dei har til felles at dei tyder noko sånt som 'pigg'. Dei ser òg ut til å vera i slekt med germanske ord som engelsk spike 'skarp pigg, nagle', norsk spik 'treflis' og norsk spiker (som er lånt frå lågtysk). Det er mogleg at ordet pikk er gamalt, men det er heilt umogleg å avgjera om ordet kan ha hatt tydinga 'penis' i norrøn tid.

Tilsvarande er det for ordet fitte (svensk fitta, dansk fisse). Dette ordet har slektningar i andre germanske språk, der orda òg tyder kvinneleg kjønnsorgan, så som tysk Fotze, lågtysk Futt, Fott og Futte, og eldre nederlandsk fotte. Med slektningar i fleire germanske språk kan ein vera freista til å tru at ordet er gamalt, og skriv seg tilbake til ei form for fellesgermansk tid. Ifølge Bjorvand og Lindeman, i boka Våre arveord Etymologisk ordbok (tredje utgåve), er det mykje som talar for at dei kontinentalgermanske formene går tilbake på den urgermanske forma *þi-, som òg er opphavsforma til det norrøne  fuð, og det kan altså sjå ut til at dei skandinaviske formene fitte, fitta og fisse er innlånte frå dei kontinentalgermanske. Igjen står me utan sikkert svar på når ordet blei tatt i bruk. Samstundes seier dette noko om at ordhistoria til fuð trekker seg langt bak i tid innanfor den germanske språkgreina. Fleire forskarar har prøvd å analysera *þi- ut ifrå andre indoeuropeiske ord, men resultata er nokså usikre.

Av dei orda som me framleis bruker om kjønnsorgan i dag, er det kukkuse og kunte som er registrert i skriftlege kjelder tidlegast. Utsmykkinga på bildet er laga på 1300-talet. Bilde: Serial Number 54129, tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0.

Me skal avslutta med orda kuse (dansk kusse) og kunte. Begge desse orda er registrerte i norrønt som tilnamn i formene kúsi og kunta, og e dermed dei eldste registrerte orda som framleis er i bruk når me snakkar om kjønnsorgan. Etymologien i desse orda framstår noko uklar for meg, men i ordbøkene reknar ein opphavstydinga som 'noko svellande', og set det i samanheng med ordet kusma. Gamalfrisisk og mellomlågtysk kunte og engelsk cunt er identiske med det norske kunte, både i etymologi og tydingsinnhald. Bildet over blir då på sett og vis ein metafor over kor godt orda for det kvinnelege kjønnsorganet held seg samanlikna med penis-ord.