Innlegg

Siste innlegg

Namnegransking om stadnamn

Eg er namneforskar, og det meste eg har skrive om og arbeidd med i akademisk samanheng, har på ein eller annan måte vore knytt til namn. I dette innlegget vil eg gi ei kort innføring i kva stadnamnegransking er, og litt om korleis ein forskar på stadnamn. Namnegransking er ein underdisiplin av språkvitskapen, og blir gjerne kalla onomastikk (etter det greske ónoma , som tyder 'namn'). Stadnamnegranskinga er ein del av denne forskingsgreina, og har fokus på stadnamna som finst omkring oss.  La oss gå rett på sak. Stadnamn er språklege uttrykk som har ein unik geografisk referent. Dette betyr at stadnamn er ord eller samansetjing av ord. Når du snakkar om dette namnet, kan dei andre i samtalen vita at du snakkar om ein bestemt stad, og dei veit sannsynlegvis òg nøyaktig kor denne staden ligg, fordi ingen andre stadar i nærleiken heiter det same. Dersom du er i Bergen og nokon seier at dei skal møtast på Bryggen, er det utenkeleg at nokon svarar "kva for ei brygge?". Bry

Nisse - ein gresk helgen eller nordisk husgud?

Kva skal fotball-VM i 2022 erstattast med?

Nordmenn og nordkyrjer?

Fuð ok vingull. Om norrøne kjønnsdelar.

Tor, Fjǫrgyn, Pērkons og eiketreet.

Ein fjert utan fart

Eplets språklege lurendreieri

Bokfink og bøker

ʁøðgʁøð mɛ flø:ð̩

Dagens etymologi: Øy

Eit allsidig ord: stå

Norrøn religion speglar seg i dagens stadnamn