Kva er etymologi?

Etymologi er ordhistorie, og når me snakkar om etymologien til eit ord, ser me på kor ordet kjem frå, kva det har betydd før, korleis lydane i ordet har endra seg over tid, og om det har "slektningar" i andre språk. 

Ordet etymologi kjem frå gresk, og er samansett av etymos (norsk 'sann, verkeleg') og logi (norsk 'lære'). Den vitskaplege metoden som moderne etymologi bygger på, blei særleg utvikla på 1700- og 1800-talet. På denne tida samanlikna vitskapsfolk forskjellige språk for å sjå om dei kunne finna systematiske likskapar mellom dei. Først fann dei ut at gammalgresk, latin, og det gamle indiske språket sanskrit hadde store likskapar i gramatikk og ordforråd. Kort tid etterpå kunne den danske språkforskaren Rasmus Rask bevisa at norrønt og islandsk var i slekt med gresk og latin. Dei oppdaga at der var tydelege mønster i måten dese språka var ulike kvarandre. Typiske eksempel på dette er at latin k-lyd svarer til norsk h-lyd, som i latin centum og cor og norsk hundre og hjarte.

Gravsteinen til Rasmus Rask er utsmykka med innskrifter på fleire språk til ære for dei viktige bidraga han gjorde for den samanliknande språkvitskapen. Foto: Krister SK Vasshus

Ikkje alle språk er beviseleg i slekt med kvarandre, og språkforskarar diskuterer framleis korleis ulike språk anten er eller ikkje er i slekt. Tyrkisk, baskisk og arabisk er for eksempel så forskjellege frå norsk at me ikkje kan spora eit slektskap. Sjølv om der framleis blir gjort spennande forskning og nye oppdagelsar i emnet, er det forlengst bevist at norsk er eit germansk språk, og at den germanske språkgreina høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien. Dei andre indoeuropeiske språkgreinene er italisk, keltisk, baltisk, slavisk, albansk, gresk, armensk og indoiransk, og på kartet under kan du sjå kor desse språka finst i dag. 

Omtrentleg distribusjon av indoeuropeiske språk i dag. Italisk (brun), germansk (raud), slavisk (mørkegrøn), albansk (lyseblå), gresk (gul), baltisk (lysegrøn), indoiransk (mørkeblå) og armensk (lilla). Foto: Hayden120. Tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0.

Ved å samanlikna ord og grammatikk i ulike språk, kan me få ny informasjon om korleis språket har utvikla seg, og kva det har utvikla seg frå. På denne måten kan me rekonstruera korleis urspråk som me ikkje har skriftlege kjelder frå i dag, må ha høyrdest ut. Som eksempel kan me sjå på ordet hjarte igjen. Ved å samanlikna gresk kardíā, latvisk sirds, litauisk širdìs, russisk sérdce, norsk hjarte, tysk Herz, og gamalirsk cride, har ein konstruert den uriondoeuropeiske stammen *ērd-. Denne stammen ser sikkert veldig merkelig ut for dei fleste, fordi der er teikn og bokstavar som ikkje finst i norsk. Det er delvis fordi språket høyrdes veldig annleis ut enn norsk, og delvis fordi det er ein vitskapleg nedteikning som inneheld fleire detaljar enn vanlege skriftspråk gjer. 

Teiknet * heiter asterisk, og dette teiknet bruker me i språkvitskapen om ordformer som ikkje er dokumentert i skrift frå den tida språket blei brukt. Teiknet  står for for lyden som finst i trøndersk itj (den trønderske versjonen av ordet ikkje). Lang strek over vokalar, sånn som ē, betyr at voklen er lang. På slutten av ordet *ērd- står ein bindestrek. Denne streken betyr at ordformen står utan bøyingsendingar. 

Dei lydlege utviklingane frå dagens norske form til den urindoeuropeiske forma for ordet hjarte. Foto: Krister SK Vasshus.


I tillegg til den faglege etymologien som baserer seg på samanliknande språkvitskap, har me òg det me kallar folkeetymologi. Folkeetymologi er når folk utan språkfagleg utdanning gir forklaringsforslag (som ofte kan vera særs kreative) til kva forskjellige ord og uttrykk kjem frå. Eit godt eksempel som mange kanskje har høyrd, er at ordet skål kjem av at vikingane drakk øl og mjød frå hovudskallar, og sa "skål!" når dei klinka skallane mot kvarandre. Dette er tull og tøys, fjas og folkeetymologi. Vikingane sa "skål!" fordi dei drakk øl og mjød av skåler. Ordet har etymologisk samanheng med verbet å skilja, og samanhengen mellom orda er tydinga 'spalte, kløyve'. Skåla  må derfor opphavleg ha vore ei flat utskoren trebolle – altså noko som er kløyvd ut frå eit større trestykke. 

Om du vil finna ut om etymologien til eit ord, finst der fleire gode bøker å sjå til. Eg vil tilråda boka Våre arveord - Etymologisk ordbok som er skriven av Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindeman. Den første utgåva av denne boka finst tilgjengeleg på bokhylla.no for folk med norsk IP-adresse, og den nyaste utgåva finst dessutan på mange bibliotek.