Mitt namn er Krister SK Vasshus, og eg skriv tekstane som du kan lesa her på bloggen. Eg har for tida base i Lejre, som ligg utanfor Roskilde på Sjælland. For tida er eg formidlar i Sagnlandet Lejre. Ut over å vera kulturformidlar, er eg òg naturformidlar og forskar. Spisskompetansane mine er nordiske språk i tverrfagleg kombinasjon med andre fag, som biologi, arkeologi, religionsvitskap, runologi og historie. Eg er særleg glad i språkhistorie, stadnamn og runeforsking. Denne tverrfaglegheita har gitt meg moglegheit til å prøva mykje forskjellig innan forsking, undervising og formidling, mellom anna har eg samarbeida med runologen Lisbeth Imer for å undersøka runeinnskriftene på gullbrakteatane frå vindelevskatten. Som ivrig folkeopplysar tilbyr eg forskjellige tenester:
- Foredrag innanfor emne om runer, språk, kulturhistorie, førkristen religion i Skandinavia.
- Planlegg du ein tatovering med runer, så hjelper eg deg gjerne med å få dei riktige runene og den riktige språkforma.
- Naturopplevingar med eit kulturhistorisk islett.
- Undervisningsopplegg eller folkeopplysning over fleire dagar, eller over ein lenger periode.
Foredrag, undervisning og liknande kan tilbydast både på norsk, dansk, svensk eller engelsk. Kontakt meg gjerne for å avtala nærare dersom du er interessert i nokon av tenestene eg tilbyr, eller om du gjerne vil ha noko skreddarsydd.
Utanom mi nåverande stilling har eg arbeidd som:
- Doktorgradsstipendiat i nordisk språk med tilknyting til Språksamlingane ved Universitetet i Bergen (2017-2023)
- Universitetslektor på lærarutdanninga ved Universitetet i Bergen (2020)
- Ekstern lektor i faget dansk ved Københavns Universitet (2015-2017)
- Ekstern lektor i faget dansk ved Roskilde Universitet (2015-2017)
- Universitetslektor ved norskkursa ved Universitetet i Bergen (2013-2014)
- Høgskolelektor på lærarutdanninga ved Høgskolen i Bergen (2012-2013)
Mellom 2006 og 2011 tok eg ein bachelor i språk, og mastergrad i nordisk språk og litteratur.
Mens eg studerte, arbeidde eg som:
- Vitskapleg assistent i prosjektet Dialektendringsprosessar ved Universitetet i Bergen, som er eit sosiolingvistisk forskningsprosjekt finansiert av Noregs forskningsråd (2010-2011).
Dei vitskaplege publikasjonane mine er tilgjengelege på nettet.
- Runic fragments from the Svingerud grave field in Norway: Earliest datable evidence of runic writing on stone. (K. Zilmer & K. Vasshus) i: NOWELE 76:2. s. 233-303.
- Lost in transition. The runic bracteates from the Vindelev hoard. (L. Imer & K. Vasshus) i: NOWELE 76:1. s. 60-99
- Placing place names in Norwegian Archaeology. key themes, challenges and reflections. (S.L. Albris & K. Vasshus) i: Sofie Laurine Albris (red.): Placing place names in Norwegian archaeology (UBAS 14). Universitetet i Bergen, 2023. s. 11-38.
- Vífill: Ein etymologisk diskusjon. I: Simon Karlin Björk & Olof Sundqvist (eds.):
Kultledare i fornnordisk religion: ett symposium. Academiae Regiae Gustavi
Adolphi 164, Uppsala 2022. s. 51-61.
- Vestnorske offerlundar. Spor etter norrøn kultpraksis i vestnorske stadnamn. Bergen, Universitetet i Bergen. Masteroppgåve tilgjengeleg på BORA.
I tillegg til å blogga her, skriv eg òg tekstar på fagbloggane Språkprat og New trends in Nordic Socio-onomastics.
- Vestnorske offerlundar. Spor etter norrøn kultpraksis i vestnorske stadnamn. Bergen, Universitetet i Bergen. Masteroppgåve tilgjengeleg på BORA.
I tillegg til å blogga her, skriv eg òg tekstar på fagbloggane Språkprat og New trends in Nordic Socio-onomastics.