Dagens etymologi: Sært!

Eit hyppig innslag på Språk meg! kjem til å bli "dagens etymologi". I desse oppslaga vil eg greia ut om ordhistoria til eit bestemt ord eller uttrykk, og i dag skal det handla om noko sært, bokstavleg talt. 

For ordet sært er på mange måtar litt sært. Grunnstamma for ordet er sær, og me har samansetjingar som særleg, særeigen og særdeles, og mange fleir. I moderne norsk har desse orda å gjera med å vera unik eller spesielt merkbar. I nokre samanhengar kan det vera positivt, men når ein person blir kalla sær, får me ofte med negative assosiasjonar.

Ordet sær kjem frå norrønt sér, og dette er bøyingsforma dativ av pronomenet seg. På ein måte betyr altså å vera sær berre å vera seg sjølv, i alle fall i den norrøne forma. Men det er lenge sidan norrøn tid, og ord skiftar gradvis tyding, så derfor har me fått eit nytt ord med nytt meiningsinnhald.

Fisken Psychrolutes phrictus ser for eksempel ganske sær ut.


Bøyingsforma dativ er ein såkalla kasus. I moderne norsk bruker me nesten ikkje kasus lenger, og pronomensystemet vårt er i realiteten den siste delen av språket der me bruker aktiv kasus i dag. For eksempel seier du "eg såg katten", og "katten såg meg", der både eg og meg refererer til den same personen. Forskjellen er kven som utfører verbet –  kven er det som ser. Då står eg i kasusen nominativ (= den som utfører verbet), mens meg er i oblik kasus fordi det er katten som ser (oblik er eit samleomgrep om alle andre kasus, som f.eks. norrøn dativ og akkusativ). 

Nokre dialektar har riktignok framleis dativ i dag, men dialektforskinga observerer at dette er på veg ut i dei fleste dialektane òg. Kasusen genitiv finst òg i nokre faste uttrykk, sånn som "til skogs", "til fjells", eller "velkommen til bords". Dette er fordi preposisjonen til i norrønt krevde at substantivet skulle stå i genitiv altså med ein s på slutten av ordet. Derfor kan me i dag seia "språkets historie" og "historia til språket", og det vil bety det same. 

Mange synest kanskje at kasus er litt sært, men hugs at om det ikkje hadde vore for kasus, så hadde me aldri hatt dette særeigne ordet du nå har lese om. Og det hadde vore sært, det!