Er ordet kalkunbacon greit?

For nokre dagar sidan gjorde NRK oss merksame på at Mattilsynet vil forby ordet kalkunbacon i butikkane. Dei meiner at ordet bacon er så sterkt assosiert med grisen at nordmenn kan bli forvirra og ta feil når dei er ute og handlar. Her meiner eg Mattilsynet bommar stygt. 

Det er sjølvsagt rett at grisebacon har lang tradisjon i vår del av verda. Arkeologiske funn frå bronsealderen viser storstilt produkasjon av det som ser ut til å vera røyking og speking av svin i saltgruveområda i Sentral-Europa. Som den danske arkeologen Kristian Kristiansen sa om dette - "They made bacon". Så korfor meiner eg det likevel godt kan heita kalkunbacon?

Sidebacon av gris. Foto: Jonathunder, RawBacon. Tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0.

1) Fordi språk endrar seg, og nylagingar som motorsykkel, ripsvin og fiskekaker må vera akseptable utviklingar, sjølv om motorsykkelen ikkje går på muskelkraft, ripsvinen ikkje er laga av druer, og fiskekakene ikkje er søte. Forleddet kalkun- viser kva dyr kalkunbaconet er laga av, så kva som eigentleg er forvirrande med dette ordet synest eg er vanskeleg å fatta.
2) Fordi bacon ikkje betyr gris. Ordet bacon kjem faktisk frå urgermansk *bakōn-, som har etymologisk samanheng med det norske ordet bak - altså ryggen. Norsk bacon (eller beiken, som eg føretrekk å skriva) er laga av bryststykket. Du må til Storbritannia for å få bacon frå baken på grisen. Så om Mattilsynet skal vera pirkete, må dei kanskje slutta å kalla bacon for bacon, og heller "bryston" eller noko sånt. Men som sagt endrar språk seg, så eg stemmer for å halda på ordet bacon sjølv om ordhistoria kunne tilseia noko anna. 
3) Fordi ordet finst som etablert uttrykk både i vårt og andre språk, så det er ingen grunn til å lukka augene og øyrene for det.

Om Mattilsynet forbyr at ordet bacon kan bli brukt om produkt som er laga av andre dyr enn gris, synest eg det er ein uheldig språkkapring og patentgjering av noko som ikkje er patentert. Bacon er ikkje eit beskytta varemerke på line med champagne og parmaskinke, og derfor bør ingen ha heimel til å avgrensa ordbruken, korkje for folk flest eller for matprodusentar.