Dagens etymologi: Frels

Ordet frels, som i dag mest blir brukt i kristen samanheng, kjem frå ei skamgamal ordsamansetjing. På norrønt hadde ordet forma frjáls, som reflekterer den urgermanske samansetjinga *frija-halsa-. Fri-hals. Å bli frelst betydde bokstavleg talt å få fri hals, og var opphavleg eit språkleg bilde på overgangen frå å vera ein halslenka slave til å vera fritt menneske. Samtidig fortel dette oss at slavar har gått med lenker om halsen i enkelte samanhengar. Dette er kanskje ikkje noko overraskande informasjon, men det er ein viktig detalj som altså kan bevisast gjennom språkforsking. 

Ordet eksisterte tidlegare i gotisk, gamalengelsk og gamalhøgtysk, men finst nå berre brukt i Norden. Ein gong i jernalderen byrja kristne germanarar å bruka omgrepet om overgangen frå heidning til kristen, fordi det er ein verkeleg god metafor i misjonssamanheng. 

Halslenke som blei brukt på slavar i moderne tid. Foto: Tropenmuseum, National Museum of World Cultures. Tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0