Dagens etymologi: Heidning

Ordet heidning blir brukt om ikkje-kristne menneske. Heidning er danna på bakgrunn av det norrøne ordet heið, som i moderne norsk blir uttalt hei, og som betyr "nokså høgtliggjande, berglendt, oftast skoglaust (men lyng- og grasvaksen) vidd". Sitatet er frå nynorskordboka. Opphavleg tyder heidning 'menneske som bur i heia', og fungerte som ein metafor for eit tankesett som var så isolert av naturen at det ikkje var heilt oppdatert. Ein kan såleis tenka seg at å vera heiden i mellomalderen, innebar fleire ting enn avgudesdyrking, sånn som for eksempel utdatert teknologi, dumskap og kunnskapsløyse. Men misjonærane kunne reklamera med ein utveg frå dette gjennom frelse.

Svenske heidningar ofra kongen sin, Domalde, til gudane etter fleire uår på rad. Bildet over er av Erik Werenskiolds illustrasjon i Heimskringla.