Mjød: Kreativitetens vin

Dei fleste har høyrd om det, og mange har sikkert smakt det. Mjøden fyller ein stor del av det moderne bildet omkring vikingane, men overraskande mange tror at mjød er ein slags gamaldags vikingøl. Så la oss få det på plass med ein gong  mjød er vin!

Dette norske kongehornet frå 1300-talet har kanskje servert ein skvett mjød i laupet av historien. Foto: Nationalmuseet i København. Tilgjengeleg under CC BY-SA 2.0.

Mjød er vin brygga på honning, og sjølve ordet mjød har etymologisk samanheng med andre indoeuropeiske honningrelaterte ord. Eksempel som polsk miód (honning), engelsk meadow (eng), gresk méthu (alkoholholdig drikk, vin), latvisk medus (honning) og gamalindisk mádhu (honning, søt drikk, soma) peikar i retning av at honning og vin har gått hand i hand i fleire tusen år i indoeuropeiske kulturar. I norrønt brukte ein òg ulike ord for mjødproduksjon og ølbrygging. Øl blei brygga, mens mjøden blei blanda. Dette kan fortelja noko om forskjellar i produksjonsmåten av mjød på eine sida og øl på den andre sida, men dette skal me ikkje gå nærare inn på her. Uansett var honning ein knappare resurs enn korn, så mjøden hadde høgare økonomisk verdi. I tillegg var mjøden heilag!

Hovudingrediensen i mjød: Honning! Foto: Merdal. Tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0.

I masterprosjektet mitt forska eg på vikinganes religion, og eg las derfor mykje om religion, ritar og mytar i den samanhengen. Og i den norrøne religionen hadde mjøden ein så høg status at der er ein heil myte om korleis den første mjøden blei til, og korleis denne mjøden påverka kreativiteten til dei som drakk han.

Den norrøne myten om Suttungs mjød er innfløkt og kompleks. Ærlig talt synest eg det er vanskeleg å gi ei rettferdig oppsummering utan å utelata viktige deler av narrativet og/eller symbolikken. "Erotisk svik, krenkelse av kvinnen, tyveri og flukt er ingredienser i myten om hvordan Odin skaffer dikterdrikken til veie. Egentlig er ikke dette en heroisk dåd, men vi er vant til at Odin ikke lar seg stoppe av moralske hensyn når det er noe han begjærer" skriv Gro Steinsland (i boka Norrøn religion. Myter, riter, samfunn, s. 192). Og her skildrer ho eigentleg berre ein enkelt del av myten der Odin er i fokus. 

Dei viktigaste elementa av mjødmyten er at mjøden blei laga av dvergar, og at dei blanda honning med blodet til den klokaste skapningen i verda, Kvase. Mjøden viste seg å gi inspirasjon og dugleik i dikting til dei som drakk av han. Odin stal mjøden ved å drikka han opp, men spydde og skeit mjøden ut igjen seinare, sånn at gudar og menneske kunne få nytte av han.

At det er dvergane som lager mjøden, er viktig, fordi dvergane i den norrøne religionens univers har ein skaparkraft som gudane ikkje har. Dei norrøne gudane var ikkje allmektige, så andre skapningar kunne ha evner og eigenskapar som gudane ikkje hadde. I diktet Voluspå ser det ut til at gudane ikkje kunne skapa mennesket før dvergane hadde laga sjølve menneskeforma av jord. Tors hammar, Mjølne, blei òg smidd av dvergar. I det heile har dvergane ein framifrå skaparkraft, særleg når det gjeld smykkerier og våpen, noko som gjer dei ettertrakta av både mannlege og kvinnelege gudar. Og dvergane laga altså denne første magiske mjøden.

Odin i ørneham i det han tømmer seg for mjød. 

Blodet frå Kvase speler nok ei stor rolle når det gjeld den kreative effekten den første mjøden fekk. Kvase blei nemlig skapt etter at alle gudane hadde spytta i eit kar som symbol på fred. Gudane ville ikkje la dette symbolet gå til spille, så dei skapte det om til eit levande vesen  Kvase. Så sjølve blodet til Kvase må kunna seiast å vera spyttet til alle gudane. Symbolsk kan Kvase då ha fått i seg noko av kvar enkelt guddom, som speglar seg i kor klok han er. Ingen kunne stilla Kvase spørsmål som han ikkje kunne svara på. Då dvergane blanda blodet hans til mjød, brukte dei eit kar som bar namnet Odrøre. Odrøre kan oversetjast til 'det som rører sinnet', så moglegvis kan kombinasjonen av Kvases klokskap og dverganes (antatte) magiske oppbevaringskar ha resultert i den kreative verkninga mjøden fekk.

Den delen av Suttungs mjød som Odin spydd opp, samla gudane i kar som dei delte med kvarandre og menneska som var dugande skaldar. Den delen som kom ut bakenden, kunne kven som helst samla opp, og denne delen gir etter tradisjonen ein ringare skaldskapsevne.

Skaldskap og dikting var knytt til denne dyrebare drikken med heilag status, i alle fall i det førkristne vikingsamfunnet i Norden. Men mjød fortsatte å vera luksusvare gjennom mellomalderen og fram til våre dagar.