Norsk – det elastiske ordet

Norsk er namnet på språket dei fleste nordmenn har som morsmål. Norsk er òg eit adjektiv, og i dag betyr det 'noko som kjem frå kongeriket Noreg'. Likevel kan me godt møta formuleringar som "vår norske mammut..." og ""Norsk" skuespiller på bærtur". Skodespelaren det var snakk om, har nokre besteforeldre frå Noreg, mens mammuten levde her ganske lenge før kongeriket Noreg blei grunnlagt. Ordet norsk er altså litt elastisk, og kan tilsynelatande brukast med ein form for tilbakevirkande kraft.

Men kor lenge har me brukt dette ordet? Jaffal ikkje like lenge som kongeriket har eksistert. I tida omkring rikssamlinga, altså i siste halvdel av 800-talet, er det ikkje sikkert ein brukte ord som heilt klart avgrensa det norske frå det svenske og danske. Det franske området Normandie vitner om dette, for forskarar er samde om at det nok var vel så mange danskar som nordmenn, om ikkje fleire, som busette seg her. Og dansk tunge var eit uttrykk som blei brukt om alle dei nordgermanske språka, ikkje berre det spesifikt danske. Men sjølv i mellomalderen blei dansk og norsk oppfatta som ulike språk, om me skal forstå den danske historikaren Saxo Grammaticus rett når han på 1200-talet skreiv at der fantes norske spionar som kunne snakka dansk. 

Saxo Grammaticus skreiv på 1200-talet
Ordet norsk blei brukt i mellomalderen, og hadde då forma nornsk. På slutten av mellomalderen gjennomgjekk språket veldig mange endringar, og om du møtte ein person frå starten av 1500-talet, ville du forstått kva han sa. Språket hadde då fått ei moderne form. Men dersom du møtte ein person frå starten av 1300-talet, ville du neppe fått med deg så mykje, for på den tida snakka folk i Noreg norrønt. Norrønt, norrønsk, nornsk, norsk. Du ser sikkert kva eg prøver å visa her. 

I tillegg til dansk tunga, var ordet norrønt òg brukt om språket i Noreg, Færøyane, Shetland, Island og Orkney. For folk frå Noreg hadde nemleg danna koloniar på øyane vest i havet, særleg etter at Harald Hårfagre hadde insett seg sjølv som overkonge i Noreg. Men kva er opphavet til norrønt

Norrøn kjem av eldre norðrǿnn, som er ei samansetjing som kan oversetjast til 'det som kjem frå nord'. Opphavet til ordet norsk er altså 'noko som kjem frå nord', men det var først når me nerma oss moderne tid at tydinga blei meir låst til nasjonalstaten Noreg. Mykje av grunnen til at ein ikkje hadde behov for å skilja det norske spesielt ut frå det nordiske, var at landegrensene som me kjenner i dag, ikkje var fastlagde før eit godt stykke ut i mellomalderen. Sjølv om Harald Hårfagre var den første kongen av Noreg, var han ikkje konge over heile dagens Noreg. Rebelske småkongar, sjølvstendige jarlar eller fylke som valde andre kongar (ja, før hadde dei valmonarki i heile Norden) i tillegg til konstant kniving med andre nordeuropeiske kongerike, gjorde at kongar hadde vekslande kontroll over områda i dagens Noreg. Dette kan ha gjort at folk kanskje identifiserte seg meir som trønder eller sogning heller enn norsk.

Måten ordet norsk er elastisk på, er ikkje den same som ordet norrøn var elastisk i mellomalderen, men eg synest det er spennande  å sjå at nasjonal tilhøyrigheit verken er eller var så svart-kvitt.