Aprilsnarr!

Ettersom dette er ein folkeopplysande blogg, har eg beslutta meg for å ikkje legga ut nokon aprilsnarr her. Eg vil rett og slett ikkje at folk skal føla seg lurt av det eg skriv her. Men eg er elles ein stor tilhengar av aprilsnarrar, og har utvikla min eigen form for aprilsnarring. Dei pleier å vera avanserte, og på ein eller annan måte å handla om språk. Sidan eg ofte snakkar om språk, går folk ofte rett på. Så det eg her vil gjera, er å gi dokker eit par forslag på koss dokker kan lura folk trill rundt den 1. april. 

Aprilsnarren som eg brukte i fjor, handla om stikkelsbær. Då ga eg folk ein aprilsnarrande etymologi til ordet for dette bæret. Eg sa at "stikkelsbær er ei forenkling av eldre testikkelsbær, og forleddet går ganske rett på sak. Du treng heller ikkje veldig god fantasi for å sjå at dette bæret kan likna visse delar av det mannlege formeiringssystemet når du ser to stikkelsbær hengande tungt ned frå ei grein, med strittande hår. Ordet kan ikkje vera gamalt, for ordet testikkel blei nok ikkje brukt av folk flest før folkeopplysninga var i full gang etter opplysningstida. Stikkelsbær har heller ikkje vore ein viktig del av bærsortimentet i Norden før denne tida. Men testikkeltemaet er ikkje uvanleg i bærnamn, og ordet har fleire interessante semantiske parallelar i andre nemningar for bær, f.eks. det danske ordet korbær, som på norsk heiter blåbringebær. Forleddet i korber er fleirtal av det oldnordiske kod, som er det same som me har i norsk kødd, og er eit veldig gamalt ord i språka våre. Kødd tyder i dag pikk, men tidlegare var det eit ord for ballar". Det høyrest ikkje så heilt usannsynlig ut? Mange beit jaffal på. Det riktige er at stikkelsbær kjem av det lågtyske ordet stickel, som tyder 'tagg, brodd'. Men det eg skreiv om korbær er faktisk heilt sant, og der finst mange andre bær som har fått nemning etter ting ein ikkje direkte vil assosiera med mat.

Testikkelsbær? Nei, men dei liknar nok til at det er ein god aprilsnarr. Foto: Krister SK Vasshus.

Ein annan god narr eg har brukt, handla om etymologien bak ordet aprikos. Aprikos kjem eigentleg av latin praecox, som tyder 'tidleg moden'. Men ein første april sa eg at "aprikos, som på gamalnorsk heitte frynja, var ein av dei fyrste fruktene som blei modne, og på 1500-talet fekk ein ofte dei fyrste kassene med aprikos frå Tyrkia og Spania i april. Då denne april-frukta blei meir populær, blei han av adelen kalla apil-kos (altså noko du koser deg med i april), som seinare blei aprikos".

Sjølve ordet aprilsnarr kan òg brukast som utgangspunkt. Du kan for eksempel seia at ordet kjem av april-snørr, og laga ein historie om korleis tradisjon gjor at folk lurte ungar trill rundt den første vårdagen (som gjerne låg i starten av april) for å få dei uti vatnet eller elva, og at det resulterte i snørr og snue. Eller at ordet kjem av april-snar, fordi du skulle vera snårrådig og gløgg for å komma på gode måtar å lura vettet av folk. I røynda er aprilsnarr heilt gjennomsiktig når det gjeld tyding – det er ein narr du utfører i april. Ordet narr er lånt frå gamalhøgtysk narro, men me veit ikkje heilt kva opphavet er ut over det.

Fantasien din er det einaste som sett grenser for kor grundig du kan lura folk den første april. Kos deg!