Dagens etymologi: Viv

I dei skandinaviske språka kan me godt bruka ordet viv i spøkefulle eller poetiske samanhengar når me meiner hustru. Det er etymologisk identisk med engelsk wife og tysk Weib. Det engelske ordet woman er faktisk òg ein samantrekning av eldre wīfmann, som direkte oversett tyder 'kvinne-menneske'. For den eldre tydinga av viv var 'kvinne', og mann blei før brukt om både menneske som heilskap, og om menn spesifikt.

Viv er etymologisk uklart fordi dei registrerte uttaleformene i germanske språk peiker i litt ulike retningar. Ein moglegheit er at viv skal sjåast i samanheng med eit gamalt ord for klesdrakt. I norrønt var ordet viv inkjekjønn, så det betyr at ordet ikkje er eit urgamalt ord for kvinne  då ville det ha vore hokjønnsord. Det er òg veldig vanlig at ord for personar kjem frå overførte tydingar og metaforar. Eksempel på det er at tamp både kan bety 'ende på tau' og 'fæl kar', eller at skjørt både er eit ord for eit klesplagg og eit ord for kvinner (som i samansetjinga skjørtjeger). Ein mogleg parallell finn me i at det engelske ordet girl ser òg ut til å koma av gamalengelsk gierela, som tyder 'klesplagg, drakt', ifølge Våre arveord  etymologisk ordbok.

Rekonstruert jernalderklesstil. Kan eit av desse plagga vera opphav til ordet viv? Foto: Peter van der Sluijs. Tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0.


Ordet hustru er ei norrøn omdanning av husfrue , som bokstavleg tyder 'hus-herskerinne'. For ordet frue er nemlig ei gamal avleiing av eit ord som tyder herskar, og er i etymologisk slekt med tysk Frau og gudenamna Frøy og Frøya. Den mannlege husbonden (som i engelsk husband) kjem derimot frå den eldre samansetjinga hus-bóandi, som altså tyder 'han som bur i huset, den husbuande'.