Jamndøgn

I dag har me vårjamndøgn, der dagen og natta er like lange. Vår del av verda har store forskjellar mellom sommar og vinter når det gjeld kor mange soltimar me får, så denne dagen har vore ein viktig milepæl i kulturane våre. Og sjølve ordet vårjamndøgn inneheld fleire språklege lekkerbiskenar. La oss sjå på dei!

Våren! I tillegg til dei nordiske språka finn me etymologiske slektningar til vår i andre språk, så som frisisk uurs, latvisk vasara, kymrisk gwanwyn og latin vēr. I dansk har ordet forår stort sett tatt over for eldre vår, og det latviske ordet vasara tyder faktisk 'sommar'. Uropphavet til desse orda har me ikkje funne utav endå, sjølv om enkelte forskarar har føreslått tydinga 'lys' som eit mogleg opphav.

Sånn ser jorda ut ved starten av dei fire årstidene. Vårjamndøgn er øvst til høgre.


Jamn og jevn er to norske ord for det same, og tyder 'beint, slett' eller 'noko som har likevekt'. Dette ordet finst i mange germanske språk, som f.eks. tysk eben, frisisk effen, engelsk even og færøysk javnur. Ordet er i slekt med verbet å jenka, som tyder 'tilpasse, retta ut', men det er vanskeleg å knytta ordet til slektningar i andre indoeuropeiske språk. Ordet ueffen er forresten eit lån frå mellomlågtysk, og blir brukt i både norsk og dansk.

Døgn og døger er i moderne norsk brukt om 24 timar, men i norrønt brukte ein dǿgr oftast om 12 timar (og som regel berre brukt om dei lyse timane), og dǿgn utelukkande om 24 timar. Med unntak av gamalengelsk førekjem desse orda berre i dei nordgermanske språka, og dei er avleia av ordet dag. Kanskje er det derfor med rette at døgn blir rekna som eit av dei mest nordiske orda som finst.