Kor vanskeleg er det å skriva norsk?

Er norsk skriftspråk lett eller vanskeleg? Svaret du får, kjem an på kven du spør. Danskane seier alltid at "i Norge skriver man lige som man udtaler det", og dei siktar ofte då til at me skriv stasjon og sørvis i staden for station og service (sjølv om service er ein tillatt form både i nynorsk og bokmål). Ofte blir norsk skildra som veldig ortofone skriftspråk. Ortofoni betyr at det nær sagt ikkje er forskjell på uttale og skrift. Men mange ungar som skal læra å skriva, opplever vansker med doble konsonantar og stumme bokstavar, så norsk har ikkje ein 100% samanheng mellom skrift og tale.

Skrivefeil av ymse slag, men merk at to av feila handlar om at orda er skrivne sånn som dei blir uttalt. Foto: Krister SK Vasshus

Overordna sett vil eg seia at dei to norske skriftspråka er midt på treet når det gjeld ortofoni. Verstingane i Europa er engelsk og dansk, der du ikkje utan vidare kan høyra på eit ord korleis det skal stavast, og du kan ikkje alltid lesa eit ord og vita heilt sikkert korleis det skal uttalast. Eit av dei enklare skriftspråka er latvisk, som med få unntak stavest sånn det blir uttalt. 

La oss sjå på nokre trekk ved norsk som ikkje er ortofone. Eit eksempel er doble konsonantar. Ein dobbel konsonant i norsk fortel at vokalen foran konsonantane er kort. I ordet nise er i-en lang, mens han er kort i nisse. Dobbel konsonant har altså ingenting med konsonantlyden å gjera, og det kan vera ganske ulogisk når me først byrjar å tenka over det. Heldigvis utgjer dobbel konsonant eit mønster i norsk, sånn at me veit at alle korte vokalar skal ha (minst) to konsonantar bak seg. Problema oppstår først når me innser at denne regelen har ein heil del untak. Skal, vil, kan, dum, som, til, min... Korte einstava ord som sluttar på l og n treng altså ikkje dobbel konsonant. Og ingen ord kan slutta på mm i norsk. Men igjen er snakk om eit gjennomført mønster.

Våpen - væpna. Foto: Krister SK Vasshus


Kva med stumme bokstavar? Dei har me massevis av. Det, ved, språket, hvit... Her er det snakk om etymologisk staving, og det vil seia at me skriv bokstavar som blei uttalt før i tida. Det etymologiske prinsippet er òg gjeldande i ord som væpna, godt, jeg, og, og er eit veldig viktig prinsipp i norsk skriftkultur. Er dette eigentleg vits, og burde me ikkje heller skriva ord sånn me uttaler dei? 

Eg ser gode argument både for og mot. Det kanskje sterkaste argumente mot etymologisk stavemåte, er at språket skal vera til for oss, og ikkje omvendt. Dei som har dette standpunktet, meiner ofte at me skal skriva som me uttaler, og ikkje bruka unødvendig vanskelig stavemåte. Kvar lyd skal ha eigen bokstav, noko som betyr at me treng fleire nye bokstavar i norsk. Me treng ein eigen sj-bokstav, ein ng-bokstav, og me skal òg markera forskell på lange og korte vokalar, f.eks. gjennom aksent (pronomenet eg kan skrivast ég, mens høner skal legga eg, ikkje egg, fordi dobbel konsonant ikkje lenger skal markera kort vokal). Samstundes skulle me kvitta oss med bokstavane xc og z. Det ville gjera språket lettare å læra for nye skuleungar, men det ville kreva ei stor omlegging og nyopplæring for oss som allereie er vande med å skriva som me gjer i dag.

Olaus Fjørtoft var ein stor fortalar for å skriva som ein snakkar. "Maale e te fyr oss, og inkje me fyr Maale" sa han.

Men dersom alle skulle skriva dialekt, vil me i Noreg ikkje lenger ha eit skriftleg fellesskap. Kor mykje variastjon kan eit skriftspråk tåla før det blir vanskeleg å kjenna det igjen som eitt og same språk? Og kor robust vil dette skriftsrpåket så vera på sikt? Kanskje ville det halda seg forståeleg for alle på same måte som dei talte dialektane i dag, eller kanskje ville variasjonen gjera språket vanskelegare for folk å bruka.

Ein av dei store fordelane med å halda på etymologisk stavemåte, er at me fortsatt heilt utan vidare kan lesa tekstane til Ibsen og Holberg i si orginale språkutgåve. Med lang skrifttradisjon som strekk seg over fleire hundre år, får me ei oppsamling av ord og språkdrag i skriftspråket. Nokre av desse orda og språkdraga går kanskje ut av bruk i talemåla, men når me kjenner til vår eigen skriftkultur, får me altså ein større språkkompetanse enn om me berre skriv orda sånn som me seier dei. Her har norsk ein fordel fordi me kan føra skrifttradisjonen vår tilbake til mellomalderen. I tillegg deler me skriftspråkhistorie med dansk, så me får ekstra lett for å lesa moderne dansk. Dette synest eg me må bli flinkare til å setta pris på.

Norsk er altså verken spesielt vanskeleg eller heilt superenkelt, og der finst gode argumenter for at det skal vera nettopp sånn.