Dagens etymologi: Symre

Symre er brukt om ulike artar vårblomar, og kan uttalast på mange måtar i dialektane våre. Simber og simpre, sømre og sømle er alle dialektale versjonar av ordet symre. Felles for desse blomane, som kusymre, kvitsymre og blåsymre, er at dei dukkar opp veldig tidleg om våren. Og her finn me ein peikepinn på tydinga av sjølve ordet. Symre kjem av sumar, og skal nok forståast som 'ho som varslar sumar'. Eg kan berre snakka for min eigen del, men kjensla av å sjå ein berr lauvskog full i blomar, gir ein enorm kjensle av glede og forventningar til kva våren og sumaren skal innehalda. Sånn sett er namnet symre særs passande på desse blomene.

Kusymra og ei dronninghumle. Foto: Derzsi Elekes Andor. Tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0.

Kusymra er kanskje like kjent som primula. Primula er latin, og tyder 'den første litle (underforstått: blomen)'. Sjølv om opphavet er forskjellig, har altså symre og primula eit felles tema i tydinga som gjeld at dei dukkar opp tidleg på året. Kvitsymra blir òg kalla kvitveis, og ordet veis har etymologisk samanheng med norrønt vísir som tyder 'knopp'. 

Kvitsymra blømer før trea får lauv. Dei varslar sumaren. Foto: Tomasz Kuran. Tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0.