Den radikale grønsaka

Reddiken er faktisk heilt radikal. Ja, dei fleste av oss kjenner han som ei raud grønsak, men det er ikkje på grunn av fargen eg kallar han radikal. Reddik kjem forresten òg i fleire former og fargar enn dei runde og raude. Ordet reddik kjem frå det latine ordet radix, som betyr 'rot'. Det gir sånn sett meining, ettersom reddiken først og fremst er ei saftig rot. Det latine radix er òg utgangspunktet for ordet radicalis, som tyder noko sånt som 'har røter' eller 'når til røtene'. Å vera radikal, viser med andre ord til at du går tilbake til røtene av noko. Som sagt er reddiken altså heilt radikal.

Når me nå er inne på latine ord, kan eg òg nemna det latine verbet revolvere, som tyder 'å rulla tilbake'. Dette verbet er utgangspunkt for revolver på grunn av mekanismen i kulelageret i dette våpenet. Men ein kan òg snu opp ned på samfunnsstrukturar gjennom revolusjon, og dette ordet er òg danna av verbet revolvere. Ein revolusjon er på sett å vis å riva noko opp, og snu rundt på det. 

Tar me uttrykket radikal revolusjon bokstavleg, kan det godt oversetjast til 'reddikhausting', då røtene blir rivne opp av jorda der dei høyrer heime. 

Ein radikal revolusjon. Bokstavleg talt. Foto: Stebastiaan ter Burg. Tilgjengeleg under CC BY-SA 2.0.

På dansk kallar dei reddiken for radise, og på svensk er det rädisa. I tillegg har danskane ræddike og svenskane rättika, som er andre men nært beslekta grønsakar. Alle desse orda har den same etymologien som det norske ordet reddik.