Göba og varglo. Om dyr og tabu i svensk folketradisjon.

Mange dyr er i folketradisjon knytt til overtru. Enkelte dyr er samanbundne med hell og lykke, mens andre inngår i ulike former for tabu. For ei stund sidan var eg i Dialekt-, namn- och folkminnesarkivet i Göteborg, og der fann eg mange interessante kjelder om namn, sagn, historiar og tabu om dyr.

Eit av dei mest mystiske dyra me har i norden, er gaupa. Gaupa er forholdsvis stor, så derfor skulle ein tru at dette dyret spelte ei stor rolle i den folkelege bevisstheita. Samstundes er gaupa eit påfallande sky dyr som dei færraste nokon gong får sjå med eigne auge. Sjølv har eg sett massevis av gaupespor i snø, men aldri ei levande vill gaupe. Denne kombinasjonen av stort og potensielt farleg rovdyr på ei side, og nærmast usynleg på ei anna side, har gitt grobotn for interessante måtar å forholda seg til dette dyret på.

Gaupa. Göba. Jöpa. Varglo. Lodjur. Foto: Bernard Landgraf. Tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0.

For eksempel inngår ikkje nokon ord for gaupe i nordiske personnamn, mens både bjørn og ulv har blitt mykje brukt. Torbjørn, Oddbjørn, Rolf (av eldre Hróðolf) og Brynjulv er berre nokre eksempel, og du kjenner garantert fleire. Ingen runeinnskrifter omtalar gaupa, men på runesteinen som blir kalla Sparlösasteinen er det bilde av eit dyr med flekkar i pelsen og kort hale. Denne runesteinen er datert til 800-talet, og dyret her er truleg den einaste bildeframstillinga av gaupe frå vikingtida.

Den svenske arkeologen Torun Zachrisson kan fortelja at mellom 400- og 800-talet blei litt over førti kvinner gravlagde med gaupeskinn som gravgåve (sjå kjelde nederst i teksten). Desse gravene er rike i utrustinga, så der er sannsynligvis kvinner av høg sosial status. Korfor er rike kvinner frå denne tidsperioden utstyrte med gaupeskinn? Og korfor er (nesten) ingen menn utstyrte med det? Me veit ikkje heilt sikkert, men det kan godt tenkast at me skal innom emnet tabu. I svenske dialektar kan nemlig ordet göpa brukast som synonym for lausslupne kvinner. Nå meiner eg ikkje at kvinnene frå dei rike gravene var lausslupne, men me har to fellestrekk her: kvinner og gauper.

Göpa er den lydrette svenske versjonen av ordet gaupe, og i sørvestsvenske dialektar er orda jöpa og göba òg registrerte om dette dyret. Det rikssvenske ordet for dyret er lodjur, og forleddet lo har etymologisk samanheng med ordet lys. Lo er òg i slekt med latin lynx, litauisk lūšis og dansk los. Dyrets pels er lys, så namnet siktar sannsynlegvis til fargen, men det er òg føreslått at gaupas intense blikk og nærmast lysande auge kan vera bakgrunn for orddanninga. I Göteborg fann eg belegg for at dyret òg kan kallast kattlo og varglo. Det bringer meg vidare til det neste tabubelagde dyret – vargen!


Den einaste framstillinga av gaupe i oldnordisk tid, frå Sparlösasteinen. Foto: Rolf Broberg. Tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0.


Ulven har mange namn, og i dei sørvestsvenske dialektane er det registrert gråben, gullfot, tasse og varg. Eg synest det er veldig interressant at ordet ulv ikkje førekjem i arkivet i Göteborg. Gråben er det same som det norske gråbein, og siktar til fargen. Men fargen på beina til den skandinaviske ulven kan òg vera gyllen, noko namnet gullfot siktar til. Tasse tyder 'fot', og det er påfallande at me finn tre ord for ulv der det er fokus på bein og føter. Er det fordi han snik seg omkring? Ein ting er sikkert  desse orda er såkalla noaord. Eit noaord er noko me bruker i staden for eit tabuord. Og ordet ulv er tabubelagt.

At sjølve ordet ulv er tabu, kan me sjå ut frå etymologien. Urindoeuropeisk *wļ́kʷo- har gitt opphav til det urgermanske *wúlhʷa-, som utvikla seg til norrønt ulf-, og som seinare blei til det norske ordet ulv. Eigentleg skulle ikkje lydsekvensen hʷ i dette urgermanske ordet bli til ein f-lyd i norrønt, men forsvunne heilt. Kan f-lyden ha oppstått på grunn av tabu? Det ville i så fall ikkje vera fyrste gongen tabu påverka dette ordet, for nokon bytta tidleg rundt på konsonantane i det urindoeuropeiske *wļ́kʷo- til å bli *lẃkʷo-. Dette *lẃkʷo- utvikla seg i gresk til lúkos, kymrisk llewyrn og kanskje latin lupus. Grunnen til at konsonantane blei bytta om, var fordi sjølve ordet var så sterkt tabubelagt at det ikkje kunne uttalast riktig.

I skaldediktinga frå 800- og 900-talet framstår ulven som eit grådig, nådelaust og angstskapande beist, og filologen Halvard Lie har kalla Fenrisulven for det udyret som uttrykkjer "nordisk hedendoms dypeste angstfølelse, uhyrligheten i høyeste potens". Denne ulveangsten er bakgrunnen for det kraftige tabuet knytta til sjølve ordet for dyret. Så tabubelagt er ordet, at ein har bytta ulv ut med varg.

Illustrasjon av myten om når Fenre blei fastbunden. Fenre kan tolkast som ein manifestasjon av angst i vikingtida. Bilde: John Bauer.

Ordet varg har ein lang ordhistorie. 'Ulv', 'forbrytar' og 'fredlaus' er døme på dei tydingane ordet har. Varg er i etymologisk slekt med det engelske worry, gamalsvensk kasnavargher 'mordbrennar', norrønt virgill  'reip til å henga folk i', mellomhøgtysk würgel 'kvelar, bøddel' og hettittisk hurkel 'noko du blir hengd for'. Mange kjenner sikkert til uttrykket varg i veum, som kjem frå norrønt vargr í véum og tyder 'forbrytar i heilagdommen'. Grunntydinga i dette ordet har med kveling å gjera, men blei altså etter kvart brukt om forbrytarar og fredlause. Ulven er med andre ord ein fredlaus forbrytar.

I Dialekt-, namn- och folkminnesarkivet i Göteborg fann eg tydelege spor av at vargen har vore særs tilstades i folks bevisstheit i det sørvestlege Sverige. Der forsvann vargen i siste halvdel av 1800-talet, og der finst ei stor mengde forklaringar på korfor dei er vekke. Finnane får ofte skulda for å ha jaga dei vekk: "En finngubbe trollade bort dem" og "en finnkäring tog dem med sig" står det skildra. Det blir forklart at "dem gjorde ej finnarna nogot ondt", og blir skildra som finnanes hundar. Nokre kjelder skuldar òg på finnane for at vargane i det heiletatt var der i utgangspunktet. Korfor er finnane så stor del av desse historiane om vargen omkring Göteborg? Eg har ikkje fått undersøkt dette, men det ville vera interessant å fordypa seg meir i finsk folkevandring og busetjing i Sverige på 1800-talet.

Skandinavisk ulv. Noaordet gullfot forklarer seg sjølv på dette bildet. Foto: Malene Thyssen. Tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0

Finnane er likevel ikkje dei einaste som får skulda for at vargen forsvann. Samene, tiggarar, elgen(!) og tog/jernbanen blir peika på som utdrivarane. Fleire kjelder fortel om at dei på ein eller annan måte drukna eller blei vekke med isen. Dei fleste forklaringane er eventyriske, og berre i sjeldne tilfelle fann eg logiske forklaringar, som "den siste vargen sköts" eller "dem försvann med skogarna". Mengda av historiar og forteljingar om korfor og korleis vargen forsvann vitner om at det har vore viktig for folk. Dette hadde neppe vore viktig dersom vargens nærvere ikkje òg var særs viktig for folk.

Der var sjølvsagt òg andre typar historier om vargen i arkivet. Ei av forteljingane eg fann, var om ein fyr som blei jaga av ein flokk vargar på isen. Han gøymde seg under eit stort kar han hadde med seg, og fekk skada den eine vargen. Dei andre vargane åt den skada vargen opp og forsvann. Dette er nesten heilt likt ei historie eg blei fortalt i Nordfjord som liten, så her har me eit godt eksempel på korleis lokale sagn ikkje nødvendigvis er så lokale likevel.

Språkhistorie og kulturhistorie går hand i hand, og desse eksempla om dyr og tabu viser noko om kor viktig det kan vera å forstå meir om korleis folk har tenkt og oppfatta verda omkring seg før me kan forstå korfor dei har brukt språket på den måten dei gjor.

Alfabetiske oppslagskort i ulike kategoriar under overkategorien "djur" i Dialekt-, namn- och folkminnesarkivet i Göteborg. Foto: Krister SK Vasshus.



Kjelder: Utan å ha lese i dei følgande kjeldene, kunne eg ikkje ha skrive denne teksten.

- Bergsveinn Birgisson (2003). Å elska med øyrelaus hund og skummel død - Om Gro Steinslands hypotese om døden som erotisk lystreise i norrøn tid.

- Torun Zachrisson & Maja Krzewinska (under fagfellevurdering). The "lynx ladies". Burials furnished with lynx skins, mainly female graves from the Migration and Merovingian period, found in present day Sweden. Artikkel i boka Sächsische Leute und Länder. The naming and Localising of Group-Identities in the first Millenium AD. Proceedings from the 66 Internationales Sachsensymposion 12-16 september 2015. (Redaktør: M. Hardt). Leipzig.