Orddanning

For nokre år sidan blei det føreslått å endra namnet på nokre bittesmå dyr. Det dreide seg om stor skogmus og lita skogmus som skulle få dei nye namna storskogmus og småskogmus. Hovudgrunnane til at ein ønskte dette namneskiftet, veit eg ikkje, men det slo meg då som som ein litt uvant ordkonstruksjon. I norsk kan me laga nye substantiv på mange måtar, og ein av dei er å setja fleire ord saman, sånn som f.eks. i ordet skolebussjåfør. Det er den siste delen av ordet som bestemmer bøyingskategori og hovudinnhald. Ordet skolebussjåfør er hankjønn, og han er ein sjåfør som køyrer skolebussar. Skolebussar på si side er bussar som blir brukte i skolesamanheng. 

Dette samansetjingsprinsippet gjer at ordet småskogmus skurrar litt. For dette dyret må vel då unekteleg vera ei slags mus som lev i ein småskog? Tja... Me veit jo at utgangspunktet var lita skogmus, så det er vel eigentleg snakk om skogmus som er små. Sjølv om den logiske samansetjinga kunne ha vore *skogsmåmus, er det samansette ordet skogmus eit så innarbeida substantiv at det kan fungera som éi eining i slutten av samansetjinga. På same måte har me luksuslenestol. Det er ikkje ein stol du luksuslener deg i, men ein lenestol som er lukseriøs. Etterleddet er igjen eit samansett ord: lenestol. På same måten blir småskogmus ei brukbar samansetjing i norsk.

Riktig oppdeling av ordet småskogmus er at det er skogmus som er små, ikkje at det er mus som bur i småskog. Bilde: Krister SK Vasshus.

Men der finst òg andre måtar å laga nye ord på. Språket vårt er fult av såkalla avleiingsaffiks. Dette er språklege einingar som ikkje kan stå aleine som sjølvstendige ord, men må festast på andre grunnord. Dei kan både vera først i eit ord (beroligande), eller sist i ordet (samansetjing). Dei kan danna adjektiv (kjærleg), substantiv (kjærlegheit) og verb (glorifisera). Dei kan vera forsterkande (beglo, forsterka) eller justera tydingsinnhaldet i ordet (klokka fireish, som du kan lesa meir om her).

Dette gjer at me har gode føresetnadar for å laga nye ord når me får bruk for dei. Ståhjuling ser ut til å ha erstatta segway, for eksempel. Og hadde sykkelen kome til Norden i dag, kunne me gjerne ha kalla han for ein hjulhest eller tohjuling. Me må òg vera merksame på at ein del nylagingar ikkje står i ordbøkene, men det tyder ikkje at ordet er "feil" eller ubrukeleg. Kvar dag lagar me nye ord, som til dømes snikislamisering (lansert av Siv Jensen i 2009), og som derfor ikkje står i nokon ordbok. Så lenge ordet er forståeleg, så duger det.

Mange avleiinsaffiks er "gått ut på dato", fordi me ikkje aktivt bruker dei lenger. Eksempel på dette er -d/-t som me har i substantiva høgd, lengd (av adjektiva høg og lang), drift og ferd (av verba driva og fara). Eit anna eksempel er ma-endinga som har gitt oss barm (av å bera) og hjelm (av å hela = å skjula). Me får inn nye og skiftar ut gamle affiks med jamne mellomrom, og det er ei naturleg utvikling som verken er positiv eller negativ. Men mi personlege haldning er at det er ein fordel med eit stort utval av verktøy til å snekra og leika med språket med.

Korleis kan du gjera deg sjølv meir kreativ når det gjeld å laga nye samansetjingar? Først og fremst må du vera bevisst om språket du bruker, men du treng òg kunnskap om kva moglegheiter du har.  Eg har dessverre ikkje nokon enkel liste av affiks som du lett kan sjå gjennom for inspirasjon, men eg vil tilråda å lesa i boka Ordlaging og ordelement i norsk skrive av Vigleik Leira, der han ganske grundig gjennomgår desse.

Nyttig bok som kan danna grunnlag for ein meir kreativ språkbruk. Foto: Krister SK Vasshus.

Når du byrjar å få oversikt over variasjonsmoglegheitene, er det berre å la kreativiteten bryta grenser. Neste gong du synest noko (f.eks. mat eller eit tilbod) er skikkeleg dårleg, kan du til dømes seia at du blei servert mismat eller fekk eit vantilbod. Var maten til gjengeld veldig god, kan du seia at maten var ovgod (ov- er ein forsterkar som vel nesten er gått ut av bruk i dag) eller tvilekker/tvelekker (tvi- har etymologisk samanheng med talordet to, og finst i ord som tvekamp).

Språket vårt har altså eit utganspunkt som legg opp til at språkbrukarane skal vera kreative og leikande. Og når me språkleiker, blir språket rikare, frodigare, fargerikare og meir nyansert. Mi oppfordring er derfor klar: Leik meir med språket i kvardagen!