Eg gjekk ein tur i skogen...

Mange av dei beste historiane mine starter på denne måten: Eg gjekk ein tur i skogen... Denne gongen var det ein skog nær Skodsborg utanfor Kjøbenhavn. Der snofla eg over eit stadnamn, ein historie og ein snodig etymologi. 

Etymologien dreier seg om ordet bølle, som i dag tyder 'rå og brutal (valds)mann'. Ordet blei til i 1885, og er oppkalla etter ein bande som heitte Bøllesjakket. Bøllesjakket haldt til i Bøllemosen, som altså ligg i denne skogen eg gjekk tur i. Det er altså stadnamnsleddet bølle som er opphav til ordet bølle. Dette fekk meg òg til å tenka litt på kva eit bøllefrø eigentleg er. Den naturlege metaforen å sjå føre seg er at det er eit frø som veks til ei spire og som seinare blir ei fullkommen bølle. Det passar med at medlemma i Bøllesjakket var unge mannfolk som framleis hadde ei stund å veksa på. Men det danske ordet for 'frosk' er frø. Kan bøllefrø vera eit skjemtande ord for dei unge bøllene, altså ein "bøllefrosk"? For Bøllemosen er ei myr, og her krelar det med både frosk og salamander den dag i dag.

Er dette ein bøllefrø? Foto: Indra Mangule.

Bøllemosen som stadnamn er danna av det danske ordet for blokkebær, (mose)bølle, nok fordi dette bæret veks her sjølv om det elles er sjeldan på Sjælland. Om etymologien bak ordet mosebølle kan du lesa i dette blogginnlegget. Dei fleste danske stadnamn som ender på bølle kjem derimot av eit ord som har samanheng med bol (som i kvepsebol), og finst i norske stadnamn som eksempelvis Myklebust (av eldre Miklibolstad = 'den store bustaden').

Ordet bølle er altså dansk i sitt uropphav. Ifølge ordbøkene jaffal. Men den lydlege likskapen mellom det skandinaviske bølle og det engelske bully er ganske stor. På 1500-talet betydde bully 'kjærast' eller 'elskar', men i laupet av 1600-talet skifta ordet tydingsinnhald til det me kjenner i dag, sikkert påvirka av sleng omkring prostitusjon og hallikar. Det engelske bully er altså eldre enn det skandinaviske bølle, men tydingsinnhaldet er nesten likt. Eg trur det er stor sannsynlegheit for at det danske bølle anten er direkte påverka av det engelske bully, eller at likskapen med det engelske ordet i det minste har auka moglegheita for at ordet overlevde og spreia seg. Men uansett kor påverka ordet er frå engelsk, endrer det ikkje at orddanninga er sterkt inspirert av det som skjedde ved Bøllemosen på 1880-talet.