Norrøn religion speglar seg i dagens stadnamn

Stadnamn er ei uvurdereleg kjelde til å forstå korleis mennesket har oppfatta verda omkring seg, og korleis samfunnet har vore organisert før i tida. Eg har lenge vore spesielt interessert i korleis den norrøne religionen blei praktisert og organisert i landskapet, og stadnamna våre kan fortelja ein heil del om dette.

Svenske namneforskarar, framfor alt Lars Hellberg, har overbevisande påvist at stadnamna i Mellom-Sverige er utbreia på ein måte som viser spor etter ein forhistorisk sentrumsstruktur. Sentrumet, som ofte f.eks. er eit tun-namn, er omgitt av stadnamn som er samansett med ord for handverk og produksjon, vareutveksling og distribusjon, kult og religion, forsvar, millitær og kontroll, rettsutøving og politisk leiing. Seinare har danske arkeologar og namneforskarar, som f.eks. Lisbeth Christensen (i 2010) og Laurine Albris (i 2017), vist at danske stadnamn ikkje kan visa den same sentrumsmodellen som dei svenske namna kan. Alt tyder på at me heller ikkje finn dei same mønstra i Noreg.

Kong Håkon den gode var etter gamal tradisjon i prinsippet leiar over den norrøne kulten, men fordi han var kristen, ville han ikkje utføra nokre av dei handlingane som han etter tradisjonen skulle utføra. Maleri: Peter Nicolai Arbo.



Det me til gjengjeld finn i Noreg, er eit stort utval av namn som har samanheng med førkristen religion. Dette kallar me sakrale stadnamn. Og sannsynlegvis kjenner du til fleire slike sakrale stadnamn. La oss eksempelvis sjå på hovudstaden i Noreg. I Oslo ligg Torshov, som kan oversetjast til 'Tors kulthus'. Ikkje langt frå Torshov ligg Disen, som tyder 'gudinne-eng'. På Ullevål har guden Ull vore i fokus, og namnet tyder 'Ulls høgd'. Menneska som budde i Oslo i jernalderen og vikingtida, hadde altså religion i tankane når dei orienterte seg i landskapet (i tillegg til andre aspekt, som bebyggelse eller landskapsformasjon som er representerte i andre stadnamn som Fornebu og Sandvika).

I Hordaland finst eit ferjeleie som heiter Haljem, og i nærleiken av dette finst namna Lunde og Hovland. Hovland tyder 'landstykket tilhøyrande kulthuset', og Haljem tyder 'det heilage området', mens Lunde kan ha vore ein heilag lund som kanskje har fungert som offerlund. I det same området finst namna Lekven og Skeie. Lekven tyder 'enga for spel og leik', mens Skeie tyder 'kapprittbane', så desse namna er ikkje sakrale. Men me veit at slike stader blei brukt i samanheng med kultleikar under religiøse høgtider. Her kan me altså sjå nøyaktig kor i landskapet dei praktiserte ulike delar av religionen før kristendommen tok over. Ofte finn ein stadnamn som er samansett med leik eller skeid i nærleiken av sakrale stadnamn, og dette tyder på at ein i desse områdene har hatt bruksmåten og samfunnsorganisering i tankane når ein lagde stadnamna.

I samband med blot til disene, hadde ein kultleikar og kappritt med hest, og desse kunne finna stad på leik- og skeidplassar. Bilde: August Malströms illustrasjon av diseblot.

Det kan sjå ut til at dei sakrale stadnamna i Noreg er utbreia over det heile. Du finn dei nær sentrale stormannsgardar og maktsentrum, men òg langt utanfor nokon som helst form for sentrum. Dette er ein smule ulikt det me ser i Sverige og Danmark, der namna er meir knytt til maktsentrum. Korfor er det sånn?

Her speler nok fleire faktorar inn. Når norske stadnamn i utgangspunktet ikkje viser maktsentrumsstrukturene på den same måten som i Sverige, kan det vera vanskelig å sjå nøyaktig kor sentrum har vore. Men store delar av det norske landskapet er òg veldig ulikt det mellomsvenske. I ein lang elvedal med fjell på begge sider, har du avgrensa med plass til å bygga på. Dette kan bety at ein har bygd på eller like ved plassar som var heilage, utan at dette var eit maktsentrum som hardde "monopol" på kulten der. I tillegg var mange heilage plasser ubebygde og fredlyste, eller kunne vera større områdenamn. Eit fjell, eit vatn, ein skog eller ei øy kunne vera heilag, sånn som Helgafjellet i Suldal, Vevatnet på Tysnesøy, Forsetlund i Fredrikstad og Helgøy i Hjelmeland.

Utanom Vevatnet finst der mange andre sakrale stadnamn på Tysnesøy, som eg her har markert med runding. Kartgrunnlag: www.norgeskart.no 

Forleddet i Vevatnet, kjem frå det norrøne ordet , som betydde heilagdom. Der finst mange stadnamn samansett med i Noreg, og ordet finst òg i personnamn som Vemund, Vestein og Vegard. Forleddet i Forsetlund er namnet på ein av dei norrøne gudane, og fortel at ein heilag lund her var vigd til han. Den heilage lunden har eg forska på tidlegare, og du kan lesa ein kort vitskapleg artikkel om det her. Forleddet i Helgafjellet og Helgøy tyder 'heilag', som òg er ein namnetype me har mykje av i Noreg. Enkelte gongar kan det vera vanskeleg å avgjera om eit stadnamn er samansett med ordet heilag eller personnamnet Helge eller Helga, fordi lydane i mange dialektområde har utvikla seg likt. Desse personnamna er òg utvikla frå adjektivet heilag, og kan på eit tidlig tidspunkt ha vore ord for kultfunksjonærar (altså ein slags prest).

Vidare kan stadnamn visa regionale forskjellar i gudedyrkinga. Den svenske namneforskaren Stefan Brink har undersøkt stadnamn som inneheld gudenamn  sånne namn kallar me teofore stadnamn. Teofor er gresk, og tyder 'gudebærande'. Stefan Brink har vist at dei ulike gudane er ulikt distribuert i skandinaviske stadnamn. Odin finst mest i Sverige og Danmark, og Ty er med to norske unntak berre i danske stadnamn. Til gjengjeld finst stadnamn med Ull ikkje i Danmark, men mest i Sverige, mens Ullin (som kanskje er eit anna namn på Ull) berre finst i Noreg.

Distribusjon av stadnamn som inneheld Ull (svart prikk) og Ullin (+). Opne prikkar er usikre namnetolkingar, mens firkantane er førekomstar av stadnamnet Ull(e)land, som Brink meiner er problematisk å tolka sikkert. Bilde: Stefan Brinks figur 4 s. 117 i How uniform was the Old Norse Religion? frå 2007. 

Der er fortsatt mange spørsmål omkring sakrale stadnamn som ventar på å bli undersøkt. Sjølv har eg ei liste som eg kallar "utopilista", og på denne lista står alle undersøkingane eg ønsker å gjera når eg får tid. Mange av desse spørsmåla kan berre løysast i ein kombinasjon av språkstudium, arkeologi og gransking av gamle tekstar som fortel om fortidas verd (f.eks. soger, sagn eller runeinnskrifter). Men det kanskje mest spennande er at me alle kan sjå/høyra stadnamn og tenka "aha - her må dei ha praktisert religionen sin før i tida!".

Ord som førekjem i stadnamn, og som har med religion å gjera:
Ord som tyder guddom – dis, ås, gud/god, alv, osv. Men ås kan òg tyda 'høgdedrag'.
Gudenamn – Frøya, Tor, Odin, Ull/Ullin, Frøy, Njord, Ty, Forsete, osv.
Horg  ein form for steinkonstruksjon som blei brukt i kult- og offersamanheng, men kan i fjellnamn vera eit ord som berre tyder 'stein'.
Hov – kulthus, men kan òg tyda 'gard'.
Ve – heilagdom.
Lund – kan vera ein heilag lund, men ikkje alltid.
Helga– skildrar at noko var heilag, men hugs at det òg kan vera personnamnet Helge eller Helga.