Dagens etymologi: Øy

Ordet øy er eit spennande ord med mange etymologiske slektningar, og har til og med ein finger med i spelet i namnet Skandinavia

Det norske øy er sjølvsagt i slekt med dansk ø og svensk ö. Grunnen til at dei andre skandinavane ikkje har diftong (altså to vokalar som blir uttalt i ei enkelt staving, som ai, au, oi), er fordi dei er monoftongerte. Monoftongering betyr at diftongar har smelta saman til ein enkel lyd. Dette er eit dialekttrekk som finst i området frå Nord-Tyskland i sør til dei søraustlege delane av Noreg og heile Sverige i nord. Monoftongeringa ga denne utviklinga:

ei > lang e
øy > lang ø
au > lang ø

Derfor seier me f.eks. haug i mange norske dialektar og hög på svensk, stein på norsk og sten på dansk.

Ordet øy er i slekt med andre indoeuropeiske ord knytt til vatn. Bilde: Dana Morris. Tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0.

Etymologisk går øy tilbake til det urnordiske ordet *auju-, som betydde 'land ved eller fullstendig omringa av vatn'. Dette ordet er i slekt med f.eks. norsk å, som tyder 'elv', og det latine aqua 'vatn'. I tysk finst ordet Aue, som tyder '(fuktig) engslette med vatn' eller 'øy i elv'. Faktisk er òg det engelske ordet island i slekt med øy, fordi det kjem av eldre īġlandĪġland tyder 'øy', men er opphavleg ei samansetting av to ord: øy og land. Det same ordet finst i tysk Eiland og nederlandsk eiland, som begge er innlånt frå gamalfrisisk. Grunnen til at engelsk island har ein s, er fordi ordet blei påverka av det latine īnsula, som òg tyder 'øy'.

Men kva var dette med at namnet Skandinavia kan ha samanheng med øy? Mykje tyder på at delar av det me i dag kallar Skandinavia, har hatt dette namnet i minst 2000 år. Den romarske historikaren Plinius den eldre, som døydde i år 79, skreiv om Scadinavia, der siste del, -avia, er ein latinisering av *-auju. I heltekvadet Beowulf blir landområdet vårt kalla Sċedenīġ, der etterleddet īġ er det same som øy, og som derfor svarer til den latine formen. Nøyaktig når diktet om Beowulf blei til, er ganske omdiskutert, men ein gong før 1000-talet, kanskje seint på 700-talet. Dette viser at namnet har vore i kontinuerlig bruk sidan seinast første hundreår etter vår tidsreikning.

Etymologien bak namnet Skandinavia er omdiskutert både når det gjeld tydingsinnhald i førsteleddet, og nøyaktig korfor ordet for øy inngår i det, så dette skal eg skriva meir om på eit seinare tidspunkt.