Eit allsidig ord: stå

Ein av særinteressane mine er språkleg kreativitet, noko eg har framsnakka i eit tidlegare innlegg. Enkelte ord har lettare for å bli brukt til å laga nye ord med enn andre, og verbet stå er eit av desse orda. Spesielt i kombinasjon med preposisjonar og adverb har me fått nye ord med nytt innhald på bakgrunn av stå. Her har eg lista opp dei eg kom på i farten:

Tilstå - innrømma
Vedstå - innrømma eller vedkjenna
Avstå - takka nei
Påstå - hevda noko utan å ha bevis
Forstå - skjønna eller fatta
Tilbakeståande - ha låg hjernekapasitet
Understå - våga eller drista
Overstått - ha gjennomført noko,
Bestå - klara å utføra noko, eller halda ut
Motstå - tåla eller halda ut
Oppstå - bli til
Utstå - fordra eller venta
Anstå - passa eller søma seg
Bistå - hjelpa
Forestå - føra eller leia
Framstå - visa seg eller verka som
Gjenstå - mangla eller vera til overs
Inneståande - beløp oppført på bankkonto
Eineståande - framifrå eller fenomenal

Mange av desse orda har heilt forskjellig tydingsinnhald. Delvis har nok det å gjera med at å stå kan vera ein ganske allsidig metafor (les meir om metaforar på bloggen Språkprat), men det viser òg at når føresetnadane er der, kan ein verkeleg slå seg laus i språkkreativitet.

Bøker står i hyllene, men dei ligg på bordet. Korfor det? Det har å gjera med grunnflata er lengre enn sidene. Når ei bok står, er botnen ganske lita og sidene lange, mens når ho ligg, er flata som rører bordet lengre enn sidene som står fritt. Foto: Muffet. Tilgjengeleg under CC BY 2.0.