ʁøðgʁøð mɛ flø:ð̩

Raudgraut med fløyte er noko av det deiligaste ein kan kosa seg med i denne varme sommaren. Men ut over å vera ein fenomenalt nedsvalande dessert, er det òg nokre språklege ting å seia om sjølve namnet på desserten.

Den danske versjonen av namnet er "rød grød med fløde" (i lydskrift vil det vera noko sånt som [ʁøðgʁøð mɛ flø:ð̩]). Det rimar, og er kjent for å vera heilt umogleg å uttala for folk som ikkje har dansk som morsmål. Det er nok ikkje heilt riktig at du må vera dansk for å kunna uttala det, men eg kan godt forstå at mange har vanskar med det. Men korfor høyrest det danske namnet så anleis ut enn det norske?

Denne skåla med raudgraut med fløyte er laga med danske ingrediensar. Så er det vel kanskje ein rødgrød med fløde? Foto: Krister SK Vasshus.


Grunnen til forskjellen i uttale har med språkhistorien vår å gjera. Dei gamle diftongane au (som i mange norske dialektar blir uttala øu eller æu) og øy har i dansk smelta saman til éin lyd, nemleg ø. Med unntak av nokre dialektområde på søraustlandet har me i norsk for det meste halde på desse gamle diftongane. Norsk raudgraut og fløyte er derfor litt meir "gamaldags" enn dansk rødgrød og fløde, fordi dei norske orda ikkje har fått inn den nye språkregelen som tvinger diftongar til å smelta saman. 

Men kva så med t-lydane? Dei fleste kjenner nok til at dansk har d der norsk har t, men det gjeld berre når lyden kjem bak ein lang vokal. For eksempel er det forskjell i vokallengda i orda hat og hatt. På dansk stavar me desse orda had og hat. Grunnen til at danskane stavar hat og ikkje hatt, er fordi dei ikkje bruker dobbel konsonant i slutten av ord. At dansk ikkje brukar doble konsonantar her, kan i nokre samanhengar føra til komiske miforståingar. Dei danske setningane "sluk lyset", "luk døren" og "støt de hjemløse" tyder noko anna om du les det med norske rettskrivingsbriller. På norsk ville me ha skrive "slukk lyset, "lukk døra" og "støtt dei heimlause". Dei norske setningane "sluk lyset", "luk døra" og "støt dei heimlause" ville på dansk blitt stava "slug lyset", "lug døren" og "stød de hjemløse".

Tilbake til poenget: Der norsk har p, t, og k etter ein lang vokal, har dansk b, d og g. Norsk håp, båt og kake gir dansk håb, båd og kage. Men danskane uttaler ofte konsonantane sine annleis enn dei blir stava. Bokstaven d representerer ofte ein særdansk versjon av lyden ð. Det er denne lyden mange utlendingar synest er vanskeleg, og som gjer at dessertnamnet rødgrød med fløde er vanskeleg å uttala. I illustrasjonen under ser du eit hypotetisk eksempel. Kanskje skulle dei heller tatt seg ei skål raudgraut med fløyte.