Bokfink og bøker

Som liten lurte eg alltid på korfor bokfinken hadde akkurat dette namnet. Var det ein typisk fugl frå bøker i gamle dagar? Spesielt leselystne kunne dei ikkje vera, for dei var jo trass alt fuglar. Var det så snakk om folketru omkring bokfinkens leselyst? Eller brukte ein fjør frå denne fuglen til å laga fjørpennar i riktig gamle dagar? Nei, ingen av delane var riktige, men det fann eg først ut mange år seinare. Bokfinkens namn skulle visa seg å ha samanheng med namnet på ein tresort. 

Bokfinkhan. Legg merke til at han manglar lesebriller. Bilde: Regani. Tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0.

Lyset gjekk først opp for meg etter at eg byrja å interessera meg for etymologien bak plantenamn, og eg byrja å undersøka ordet bøk. Det norrøne ordet for dette treet er nemlig bók, og fleire norske dialektar har forma bok, mens forma bøk kjem frå dansk. Bøketre lagar ei stor mengde frø, og desse frøa kan spisast både av folk og dyr. Bokfinkane sett stor pris på desse frøa, og ofte kan ein sjå store flokkar som meskar seg under bøketre. Dette er nok hovudgrunnen til at akkurat dette treet har gitt namn til fuglen. Frøet blir forøvrig òg kalla bok, og planten bokkveite har fått namnet fordi frøa i denne planten liknar på bøkefrøa. 

Ordet bøk har fleire slektningar i germanske språk, som gamalengelsk bōc, mellomlågtysk bȫke, og gotisk bōkōs. Desse orda går tilbake til eit indoeuropeisk *bhāghó-, som kan gjenfinnast i latin fāgus 'bøk' og gresk phāgós 'eik'. I tillegg finst der stadnamn i Frankrike der det keltiske elementet *bāgos 'bøk' inngår. Det er altså snakk om eit gamalt trenamn som me berre har spor frå i den europeiske delen av indoeuropeiske språk.

Frøkapsel med frø frå bøka. Legg merke til at eg insisterer på å bruka hokjønnsbøying, som ifølge ordbøkene er feil. Bilde: Frank Vincenzt. Tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0.

Ifølge dei norske ordbøkene er ordet bøk eit hankjønnsord. Dette synest eg er eit språkleg problem, fordi det samstemmer dårleg med norske dialektar og ordhistorien. Nokre dialektar bruker riktignok hankjønn, men hokjønn er òg vanleg. Etymologien i ordet, med parallellar til andre germanske språk, viser eit opphavleg hokjønnsord for alle språka. Ordet finst i dag i alle dei nordiske språka, i engelsk beech, tysk Buche og Büche, og i nederlandsk beuk. Slik eg ser det, er normeringa av "en bøk" altså feil, og "ei bøk/bok" skulle vera det riktige, gjerne med valfridom i kjønn fordi nokre dialektar bruker hankjønn. Som ekstra argument kan eg legga til at dei fleste norske dialektane seier ei bok om det du les i.

"Jaha?" tenker du, "skreiv du ikkje nettopp at bokfinken ikkje hadde noko med dei hefta og innbundne bøkene som me les frå å gjera?". Ikkje heilt. Eg skreiv at fuglen var oppkalla etter treet. Men treet har etter alt å dømma òg gitt namn til boka. 

I språkleg samanheng er det vanleg at ord for bok opphavleg er namnet på emnet ein skreiv på. For eksempel betyr gresk bíblos eigentleg '(bast av) papyrus', sjølv om det nå tyder 'bok', og dette ordet finn me igjen i dagens bibel og bibliotek. Latin liber betyr opphavleg 'bast', og utvikla seg seinare til å bety 'bok, register, brev', og me kan gjenkjenna ordet frå engelsk library. Det latine cōdex tydde først 'trestamme, treblokk', seinare fekk det tydinga 'skrivemateriale, bok, skrift', og ordet kjenner me i dag eksempelvis frå moralkodeks. Med den likskapen ordet bok har med ordet for tresorten bøk, koplar ein vanlegvis desse orda saman til å ha felles opphav og ordhistorie.

Men korfor i alle dagar tok det meg så lang tid å finna ut dette? Hadde eg slått opp i ei ordbok, ville eg fort funne ut av den etymologiske samanhengen mellom bokfinken, bøka og boka. Kanskje var det berre eg som ikkje blei opplært godt nok i at å bruka ordbok kan gjera livet lettare for deg. La dette vera ei oppfordring til å bruka ordbok oftare!