Eplets språklege lurendreieri

Kva er eigentleg eit eple? For dei fleste er dette spørsmålet lett nok å svara på, for det er kanskje den frukta ein først tenker på når nokon seier ordet frukt.

Eplet har vore dyrka lenge i Norden, noko me finn språklege bevis for i sjølve ordet eple og det nært slekta ordet apal, som tyder 'epletre' eller 'villeple'. Apal finst som språkelement i mange stadnamn,  som f.eks. Apeltun og Apalvik. Verner Ekenvall viste at dei mange tilfella av stadnamnet Apelgård/Abildgård og liknande, sannsynlegvis er ei samansetjing med tydinga 'innhegna stykke til fruktdyrking' som først blei brukt i Jylland i mellomalderen, og at namnet spreia seg derifrå til resten av Danmark og det sørvestlege Sverige. Allereie Jyske lov frå 1241 skildrar korleis ein skal stella apalgardar. Men orda eple og apal må vera eldre enn frå mellomalderen.

Villeplet ser ut til å ha hatt namnet apal eller liknande minst sidan urnordisk tiid. Bilde: Per Arvid Åsen. Tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0

Namna på mange av dei fruktene og grønsakene me et, kjem frå språk som ikkje er nært slekta på norsk. Plomme og pære har begge ein p-lyd som fortel oss at det må vera lånord, fordi germanske språk omgjorde p-lyd om til f-lyd på eit tidleg stadium (unntaka er i dei orda som har konsonantsambandet sp-, som i orda språk, sparke og spy). Eple og apal, har derimot parallellar i andre germanske, keltiske, slaviske og baltiske språk, f.eks. latvisk ābols, tjekkisk jablko og gamalirsk ubull. Men dei lydlege forholda mellom desse orda for eple, gjer at etymologane er usikre på om ordet er av urindoeuropeisk opphav. Eit av problema er b-lyden, som i germansk utvikla seg til p, fordi dette er ein særs sjeldan lyd i det urindoeuropeiske språket. At ordet førekjem i språk som finst i eit avgrensa område av det indoeuropeiske språkkontinuumet, indikerer òg at det kan ha blitt innlånt etter utvandringa frå urheimet på dei pontisk-kaspsiske steppene.

Apal, norrønt apaldr, har jaffal blitt brukt i Norden sidan urnordisk tid, moglegvis først og fremst som ord for villeplet, i forma *apalu-. Den norrøne forma går tilbake på ei samansetjing *apal-dra- , der etterleddet rett og slett tyder 'tre'. Lydhistorisk sett er det litt vanskeleg å seia at ordet eple skal førast tilbake til urnordisk *ap(a)lija-, eller om me må sjå det som eit lånord frå eit vestgermansk språk i vikingtida. Dersom ordet kom frå kontinentalgermansk, kan ein sjå føre seg at det skjedde samstundes som dei kultiverte epla byrja å bli kjent i Norden, og at ordet eple tok over som det mest brukte ordet etterkvart som ein for alvor byrja å dyrka dei framavla sortane her (seinast i mellomalderen etter Jyske lov å dømma), mens apal gjekk meir ut av bruk, og kanskje mest som ord for villeple eller sjølve epletreet.

Då eg var liten, kunne morfar gjerne snakka om éble. Morfar kom frå Dalane i Rogaland, og med hans blaute konsonantar er det opplagt at dette ordet er ein dialektuttale av eple. Men éble var morfars ord for potet. Konseptet med jordeple, kjenner me òg frå fransk pomme de terre. Eplet har nemleg blitt brukt som utgangspunkt når ein skulle namngi nye fruktar som dukka opp  til og med poteten. Granateple og roseeple er to andre eksempel, og appelsin tyder opphavleg 'eple frå Kina'.

Ulike ord for potet i norske dialektar, med (jord)eple i grønt. Fleire ord blir gjerne brukt om kvarandre innanfor same område. Bilde: John K. Vatterholm.

Ut over å vera mønsterfrukt, blir ordet eple òg brukt i metaforar om kroppen. Adamseple og augeeple er dei mest kjende, men islandsk har òg eit ord for lymfekjertel som kanskje skal sjåast i etymologisk samanheng med eple, nemleg epill. Å vita nøyaktig kva eit eple er, krev at du kjenner konteksten ordet blir brukt i. Men mangfaldet i dette ordets språklege historie tyder på at eplet har spelt ei særs viktig rolle i Norden, noko som blir understreka av dei 54 velbevarte villepla frå Osebergfunnet og myten om Iduns eple.

Vil du vita meir?

Verner Ekenvalls tekst "Jag vet mig så fager en apelgård" frå 1974 kan lesast i skriftserien Namn och Bygd nummer 62, side 92-97.