Tor, Fjǫrgyn, Pērkons og eiketreet.

Enkelte ord for fjell, jord, tresortar og namn på ulike gudar i dei indoeuropeiske språka kan sjå ut til å ha slekskap. Men kva slags slektskap er det, og korfor har etymologane vanskeleg for å akseptera dette slektskapet?

Den norrøne religionen er ein av dei kulturelle skattane dei nordiske landa kan visa til. Religionen er unik og var levande lenge nok til at store delar av mytologien og kultpraksisen blei dokumentert i skrift. I tillegg er Tor faktisk verdsberømt, sjølv om framstillinga av han i populærkulturen ofte får forskaren i meg til å kringlevri seg. 

Den litauiske toreguden Perkūnas. Maleri: Mikalojus Konstantinas Čiurlionis. 

Unik. Samstundes gjenkjenneleg frå andre delar av verda. Parallellane mellom f.eks. Tor og den greske Zevs er slåande. Det same gjeld den romerske Jupiter. Indra i vedisk (indisk) religion er heller ikkje heilt ulik Tor, og har til og med ein nokså lik hammar! Men språkleg er der ikkje samanheng mellom Tor og dei overnemnde gudane. Faktisk er Zevs og Jupiter (av eldre Ju-pitar, 'fader Ju') etymologisk slekta på den nordiske guden Ty, som har ei nokså underrepresentert rolle i norrøn mytologi samanlikna med dei språklege slektningane ved Middelhavet.

Tors namn tyder etymologisk rett og slett berre 'tore', og sjølve ordet torden tyder noko sånt som 'tore-dønn'. I dei norrøne kjeldene er Tor søn av ei jotunkvinne som blir kalla JǫrðHlóðyn eller FjǫrgynJǫrð er identisk med det moderne norsk ordet jord, og både Hlóðyn og Fjǫrgyn blir brukt som kenningar på jorda. Eg synest namnet Fjǫrgyn er særs interessant, både religions- og språkvitskapleg. Dette namnet går tilbake til urgermansk *fergunja-, som i tillegg til dette jotunnamnet har gitt opphav til det gotiske fairguni 'fjellkjede', gamalengelsk firġen 'fjell' og gamalhøgtysk Firgunnea 'fjell med malm'. Etymologien bak desse orda, og diskusjonen omkring kva andre ord som skal reknast som slektningar av dei, er uvanleg mykje omdiskutert.

Moglegvis høyrer desse orda til ei språkrot som har gitt opphav til norrønt fjǫrg 'gudar', latvisk Pērkons og russisk PerunPērkons og Perun er namna på toregudane i baltisk og slavisk religion, noko som gjer samanhengen mellom Tors mor Fjǫrgyn særs interessant. Men kanskje høyrer urgermansk *fergunja- til ei anna språkrot som me finn igjen i det norske ordet furu, sveitsisk Ferch 'eik', latin quercus 'eik' og kymrisk perth 'hekk'. Det latine quercus har me forresten òg lånt inn i norsk i forma kork, fordi korkane blei laga av den ytre barken på korkeik.

Gubbe haustar kork av korkeika i Portugal. Treet overlever denne haustinga, og bruker sju til ti år på å laga ny kork som igjen kan haustast. Ordet kork kjem av latin quercus, som er etymologisk slekta med norsk furu. Bilde: Nocampo. Tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0.

For dei som har som utgangspunkt at fonologiske og morfologiske reglar for lydendring gjennom tidene alltid har vore følgt heilt nøyaktig, vil desse orda tilhøyra to ulike røter. Andre har tillagt desse nøyaktige lydendringane mindre vekt. Då har dei gjerne samanlikna det religiøse grunnlaget meir, eller sagt at dei lydleg motstridande formene har oppstått på grunn av lån på tvers av språk med lydlege tilpassingar i mottakarspråka, og konkludert med at alle desse orda og gudenamna har etymologisk slektskap.

Sjølv kan eg ikkje heilt konkludera. Eg legg vekt på lydlovar, og burde sånn sett kanskje sjå dei som to ulike etymologiar: At Pērkons og Perun kjem av ei indoeuropeisk rot *per- (via utviding med etterledd i *perkʷuHno-) som tyder 'slå' (altså tyder namnet 'guden som slår lyn/tore', mens furu og Ferch kjem av rota *perkʷsom kanskje tyder 'tre som veks på fjellgrunn'. For at tydinga av *perkʷ- som 'tre som veks på fjellgrunn' skal gi meining, føreset det at Fjǫrgyn, gotisk fairuni osv. høyrer til under etymologien for furu, ettersom det er desse orda som har fjell som del av tydingsinnhaldet. Men dersom toreguden Tors mor Fjǫrgyn ikkje har etymologisk samanheng med dei baltiske og slaviske namna på toreguden, skurrer det litt for meg, ettersom dei er så nært kopla opp mot toreguden i ulike religionar.

Er eika eit tre som har særleg religiøs tilknytning til toregudar i indoeuropeiske religionar i Europa? Bilde: Krister SK Vasshus.

Vidare må me nemna at toregudane ofte blir uttrykkeleg assosiert med eiketre. Stadnamnet Torseke i Skåne tyder 'Tors litle eikeskog'. Meir berømt er nok det tyske heilage treet Donareiche, som blei nedhogga av misjonæren Bonifatius i 725 som del av kristningsprosessen. Donar er det tyske namnet på Tor, så Donareiche tyder 'Tors eik'. Ifølge kjelda brukte Bonifatius tømmeret frå denne eika til å bygga ei ny kyrkje, noko som gir eit hint om såkalla kultkontinuitet  at den nye kristne kulten blir utført på den same plassen som var kultplass under heiden tid. I baltisk og slavisk tradisjon har toregudane ei særleg vane for å slå lyn ned i eiker, som mellom anna er eit ynda motiv i dei latviske dainas (dikt eller folkesongar). Ifølge Per Vikstrand (i Gudarnas platser s. 147) skal eika vera spesielt utsett for skade ved lynnedslag samanlikna med andre tresortar, så dette kan vera grunnen til at ein i visse område har kopla eika til toreguden.


Kanskje er koplinga mellom toregudane og eikene tilfeldige eller uvesentlege, eller kanskje er det akkurat her den etymologiske koplinga kan finnast, sjølv om lydreglane ikkje ser ut til å ha blitt følgt. Men koplinga mellom toregudane og eikene kan ikkje brukast som eintydig prov på etymologisk samanheng mellom Pērkons og Perun på eine sida, og Fjǫrgyn, furu, og quercus osv. på andre sida. Spørsmålet er framleis opent.