Nordmenn og nordkyrjer?

For tida har me ein halmgubbedebatt i Noreg. Mange er rasande over at ein ikkje skal få kalla seg nordmann, sjølv om ingen har meint at det ikkje skal vera lov. For sjølsagt har ein lov til å bruka ordet nordmann. Det er i det heiletatt veldig lite som ikkje er lov å seia. Nokre gråsoner finst der, som f.eks. at ein i Bergen vil få bot for å kalla ein politi for hæstkuk, mens politiet i Finnmark berre ler av det. Enkelte ting vil ein likevel få sosiale represaliar for om ein seier, særleg ut ifrå kva sosial samanheng du seier det i. Kanskje ville du kalla nokon som oppførte seg dårleg i trafikken for eit rauhòl (eller liknande), mens du kanskje ikkje ville ha gjort det om nokon oppførte seg tilsvarande på eit møte du hadde. Den sosiale straffen ved å kalla ein kollega eller samarbeidspartnar for eit rauhòl ville nok vera for stor. 

Offentleg tilsette skal ha titlar som er kjønnsnøytrale. Det har Stortinget bestemt, og det er vanskeleg å vera ueinig i at det er føremålsteneleg. Mange av desse titlane som nå er på veg ut, kan likevel brukast av oss andre dersom me insisterer på det, utan at me får noko sosial straff av det. Kanskje kan det vera ein smule forvirrande dersom ein både bruker f.eks. statsforvaltar og fylkesmann om det same, men norsk språk er jo ikkje tomt for synonym elles. Fjell, berg, knaus, tind, knatt, og så vidare er ord som for mange kanskje betyr det same, sjølv om der tradisjonelt er tydingsnyansar i alle desse orda. Me klarer oss nok. 

Til gjengjeld ser det ut til at kjønnsnøytraliseringa i språket elles òg faktisk påverker bruken av ordet nordmann. Det er stort sett menn som blir skildra som nordmenn, mens kvinnene blir skildra som norske kvinner. Heller enn å laga eit kjønnsnøytralt nyord, kan ein like gjerne laga eit nyord som berre gjeld kvinner. Eit slikt ord finst allereie i forma nordkyrje, som er ein fiffig blanding av nordmann og valkyrje

Valkyrje frå Tjängvidesteinen på Gotland. Tilgjengeleg under CC BY 2.5

La oss slenga ut halmgubbedebattane, og heller bruka tida vår på å laga meir godt norsk språk. Gode ord blir laga i massevis, men vel så viktig er det å bruka dei. Brukt dei når du snakkar, og bruk dei i skrift i så mange samanhengar du kan.