Kva skal fotball-VM i 2022 erstattast med?

Eg både ser og høyrer ein heil del diskusjon omkring kor vidt me skal boikotta fotball-VM i 2022, og eg forstår at meiningane er delte. Det er mi klare haldning og meining at det kommande fotball-VM skal erstattast med ei fulldekking av nyheiter innanfor arkeologi, historie og språkforsking i alle norske medium. Ei slik fulldekking manglar nemleg, og når der først kjem ei opning i programflata, er dette ein gylden sjanse til å gi det historieinteresserte og kunnskapssvoltne norske folket ein konsentrert dose fakta.

Direktesending der fagjournalistar og fagfolk intervjuar kvarandre er berre eitt av innslaga ei slik fulldekking inneheld. For eksempel diskuterer dei kva dei nyaste funna etter utgravinga av Stavanger domkyrkje har å seia for korleis me forstår kristningsprosessen i Noreg, eller korfor stadnamneforskinga er ei så viktig kjelde til å forståden førkristne religionen i Skandinavia.

Linda Eide ville passa godt som journalist i språkdelen av ei slik fulldekking. Bilde: Tore Sætre, tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0.



Dekkinga kan sjølvsagt gå ut over dei skandinaviske grensene, og ein kan diskutera korleis dei nyaste DNA-studia av vikingtidige skjelett i Nord-Europa underbygg (eller eventuelt motseier) det forskarane allereie hadde funne utav om vikinganes reisemønster i arkeologiske, språklege og historiske kjelder.

Av meir moderne fokus kan språkforskinga gi særs spennande bidrag. Visste du for eksempel at bokstavane l, m, n, r, v og j utgjer over halvparten av bokstavane i topp-10-lista for gutenamn til nyfødde på 2000-talet? Populære namn som Benjamin og Olav kan altså bytast ut med Sinfjøtle (namn frå Volsungesoga) og framleis vera trendy (det hjelper òg at gamle og uvanlege nordiske namn òg er populære for tida)! Sosiolingvistar kan gi oss spennande nytt om utviklinga av dialektar rundt om i landet, som til dømes at ungdomskoleelevar synest at gutar som snakkar andre dialektar enn oslodialekt er skikkeleg hot, spesielt om dei ser ut til å ha anna etnisk opphav enn norsk. Til gjengjeld vil jenter få pluss for å snakka oslodialekt. Korleis kan dette ha seg? Sosiolingvistane debatterer!

Når historikarane har paneldiskusjonar der 400-årsnatta blir vinkla som ein særs interessant periode som har danna eit viktig utgangspunkt for korleis Noreg ser ut i dag, vil mange nordmenn og nordkyrjer nok få eit mindre negativt syn på denne delen av historia. Eigne daglege program blir dessutan via til særlege kvinner i historia, og kvinners sjølvsagte viktige historiske rolle generelt.

På same måte som eit fotball-VM, skal desse temaa dekkast til nesten alle døgnets tider i ein periode. La oss seia ei veke i første omgang. Eg spår at dette vil bli ein stor suksess. Dette skal ikkje forståast som eit forslag om permanent erstatning av framtidige fotball-VM (utanom det i 2022 då), men heller eit kulturtilbod som skal komma i tillegg til sportsdekkinga. Det trur eg mange både treng og ønsker seg.