Nisse - ein gresk helgen eller nordisk husgud?

Me kjenner dei godt. Kvar jul snik dei seg fram i stova, sofakantar, reolar og butikkvindauge. Dei kjem ofte med raude draktar, er trinne som smørbukken sjølv, og gråe eller kvite skjegg om dei førestiller menn. Eg snakkar sjølvsagt om nissane. Me assosierer dei med jula, då dei skal ha levert graut med ein smørklatt i frå menneska, og besøket av julenissen er jo eit av høgdepunkta i laupet av året for alle ungar. Julenissen er ein tydeleg påverking av sankt Nikolaus av Myra, den greske helgenen frå dagens Tyrkia, som skal ha vore ein uvanleg gavmild mann. 

Ein nisse i nordisk folketru er liten av vekst og har ofte ei karakteristisk hue. Bilde: John Bauer - Julbock.


Sankt Nikolaus' namn gjenfinn me i engelsk Santa Claus og nederlandsk Sinterklaas, og sjølve ordet nisse blir òg vanlegvis sett på som ein kjæleform av namnet Nils, som jo igjen er ein nordisk samantrekking av det greske Nikolaus. Det er vanskeleg å avfeia ein samanheng mellom Sankt Nikolaus og julenissen, både når det gjeld gavmildheit og julegåver, og når det gjeld ordet nisse. Men nissar i skandinavisk kultur er meir enn berre julenissen. Me har fjøsnissar, husnissar og stallnissar, og i folketrua er ein nisse ein slags husgud som bur i eller ved huset året rundt. Mykje tyder på at julenissen er ein import frå Europa ein gong på 1800-talet, som altså har sine røter i helgenskikkelsen frå Romarriket, men at dei andre husnissane er heimehøyrande i Norden med røter i førkristen tid og germansk folkekultur.

Eit arabisk ikon frå 1700-/1800-talet som forestiller Sankt Nikolaus av Myra
 

Nissane er òg kjende som tomtegubbe, tuftekall, gardvord, eller forkortingar av desse orda, som f.eks. tomte eller tuft. Desse orda understreker kva funksjon nissane har hatt i heilt gamle dagar, nemleg som dei som passar på garden eller høyrer til tomta og sørger for at ein har velstand. I folketrua krev dei offer, som oftast i form av mat, gjerne på spesielle dagar eller tider av året. Runologen Ottar Grønvik føreslo at ein skulle sjå desse husvettene i samanheng med ei gamal forfedredyrking, og at ein nisse opphavleg var ein forfader som fortsatte med å bu på staden etter at han var daud. Dette kunne han begrunna språkleg, og viste til det norrøne ordet niðr (urnordisk *niþja-) som tyder 'slektning', og tilsvarande ord i andre germanske språk, som gotisk niþijs som har same tydinga som i norrønt, og gamalengelsk niððas som tyder 'mann'. Ein type avleiing som me ikkje brukar i dag, men som har vore mykje brukt før, er s-avleiingar. Eksempel på dette er det svenske ordet brorsa, danna til ordet bror. Ei s-avleiing av urnordisk *niþja- blei då til *niþisō-, som ville gitt norrønt *niðsi, som seinare utvikla seg til den moderne forma nisse. Ein nisse kan då ha betydd noko sånt som 'liten, kjær slektning', og vidareutvikla seg til den litle skikkelsen me kjenner nissar som i dag. 

Eg synest Grønviks forslag passar særs godt med det me veit om nissar som fenomen i folkekulturen. Ordet nisse er først registrert i skrift i 1587, lenge etter kristninga av Norden. Så korfor dukkar nissane først opp så seint? Viss nissar var del av religionen allereie i vikingtida, burde me vel hatt spor etter dei? Akkurat dette gjer at me bør ha ein viss skepsis til Grønviks forslag. Moglegvis har me ikkje tidlege kjelder om dei fordi dei har vore del av den private kulten som folk utøvde heime i husa og på gardane sine. Dei kjeldene me har til førkristen religion handlar mest om den offentlege kulten med dei store guddomane som Frøya og Tor, sjølv om me får nokre innblikk i privat kult i enkelte soger og liknande.

Heilt sikre på ordet nisse kan me kanskje ikkje bli, men at nissar i nordisk folketru er eldre enn julenisseversjonen av sankt Nikolaus, er der ingen tvil om. Samstundes har dei to nissetypane blanda seg mykje, og det kan vera vanskeleg å sjå kor den eine nissetypen startar og den andre sluttar i dagens nisseframstillingar.

Ein nisse av den nordiske typen utsmykker hvidtølet fra Kongens Bryghus. Bilde: RhinoMind, tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0.