Namnegransking om stadnamn

Eg er namneforskar, og det meste eg har skrive om og arbeidd med i akademisk samanheng, har på ein eller annan måte vore knytt til namn. I dette innlegget vil eg gi ei kort innføring i kva stadnamnegransking er, og litt om korleis ein forskar på stadnamn. Namnegransking er ein underdisiplin av språkvitskapen, og blir gjerne kalla onomastikk (etter det greske ónoma, som tyder 'namn'). Stadnamnegranskinga er ein del av denne forskingsgreina, og har fokus på stadnamna som finst omkring oss. 

La oss gå rett på sak. Stadnamn er språklege uttrykk som har ein unik geografisk referent. Dette betyr at stadnamn er ord eller samansetjing av ord. Når du snakkar om dette namnet, kan dei andre i samtalen vita at du snakkar om ein bestemt stad, og dei veit sannsynlegvis òg nøyaktig kor denne staden ligg, fordi ingen andre stadar i nærleiken heiter det same. Dersom du er i Bergen og nokon seier at dei skal møtast på Bryggen, er det utenkeleg at nokon svarar "kva for ei brygge?". Bryggen har altså unik referent, og skildrar ikkje berre ei kva som helst brygge i nærleiken, men eit bestemt område i Bergen. Når det gjeld plassering i ordklassar, har namn flest likskapstrekk med substantiv, men der er òg forskjellar. For eksempel kan ikkje namn få eller mista bestemt form sånn heilt utan vidare, så  Bryggen kan ikkje bli til Brygge eller Brygga og framleis vera det same namnet. Enkelte namneforskarar har føreslått at namn skal vera ei eigen ordklasse.

Ingen lurer på kva for ei brygge det er snakk om når nokon i Bergen snakkar om Bryggen. Bilde: -jkb-, tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0

Når ein forskar på namn, kan ein gjerne ta utgangspunkt i korleis dei er oppbygde. Her er det mykje å ta fatt i, og oppbygginga varierer i særs stor grad frå språk til språk. I norsk  er det vanleg å danna namn på bakgrunn av substantiv, f.eks. Skog, Haug, Bakke og liknande. Det har òg vore vanleg å laga samansetjingar. Samansetjingane kunne vera med person- eller kallenamn (Ragnhildneset, Kristiansand), men det kunne òg vera titlar, som Kongestien, Majorstuen, Jale (av eldre *Jarl-leif, som tyder 'jordleg gods nedarva til/frå jarlen'), og liknande. Ein har òg kunna danna stadnamn av adverb (Vestreim, Bortigard, osv.), adjektiv (Breivik, Svartediket, Høgkleiva, osv.), preposisjonar (Overtun, Mellomåa osv.). Avleiingar blei særleg brukt i eldre tider til å danna nye stadnamn. Og når eg seier eldre tider, meiner eg før vikingtida (som starta på slutten av 700-talet), så desse namna kan vera skikkeleg gamle og vanskelege å tolka. Endingane som blei brukte til avleiing på denne tida, har gått ut av bruk i dag. Eksempel på slike namn er Jølster, (usikkert forledd + str-avleiing), Sogn (av verbet suga + n-avleiing) og Espe (av tresorten ask + ija-avleiing) er eksempel på sånne namn. Fordi namna med avleiing ofte er så gamle, har dei endra seg mykje gjennom språkhistoria, som er hovudgrunnen til at dei kan vera vanskelege å tolka.

For å forska på denne typen namn, må ein ha god kjennskap til språkhistorie og den språklege utviklinga i dei ulike dialektane, i tillegg til å kjenna til ein masse ord og termar som har blitt brukte i stadnamn opp gjennom tidene, men som folk flest kanskje ikkje kjenner til i dag. Det kan vera ord for terrengformasjonar, jordbruksmetodar, teknologi eller kulturhandlingar som ikkje er like utbreia i dag som dei har vore før. Og fordi språka gjennomgår endringar over tid, har me bruk for gamle skriftlege kjelder, helst frå norrøn tid, som kan visa oss korleis namnet har blitt uttalt og stava før.

Dei skriftlege kjeldene er viktige. Nokre stadnamn finst i runeinnskrifter, og andre finst i sogematerialet, men det beste kjeldegrunnlaget for skandinaviske stadnamn er frå handskrift og diplom frå mellomalderen der ein skildrar eigarskaps- og skatteforhold. Når det gjeld norske stadnamn, blir den skriftlege kjeldesituasjonen plutseleg skikkeleg dårleg på 1500-talet, fordi danskane som tok over det administrative på denne tida ikkje var kjende med dei norske dialektanes lokale uttale og namnedanningstradisjon, og kom til å skriva ned nokre merkelege stavemåtar for mange namn. Ei anna særs viktig kjelde er vitskapleg innsamla namn, der ein har notert lydskrift over den lokale uttalen. Både i Noreg og Danmark har me skolebarnoppskrifter, der skuleungar har hjelpt til med å fortelja kva namn dei har hatt på innmark og utmark der dei vaks opp. Vidare har ulike namnearkiv rundt om i Skandinavia utført vitskaplege innsamlingar i sine nærområde. Kombinasjonen av lokal uttale og tidlege skriftlege kjelder er gjerne det som skal til for å kunna tolka eit namn riktig.

Eksempel frå kong Valdemars jordebog, som har oppteikning av danske jordeigendommar på 1200-talet. Heile versjonen kan lesast på Rigsarkivets nettsider.

I norsk forskartradisjon har ein hatt eit særs stort fokus på gardsnamn, mykje fordi me har det framragande oppslagsverket Norske Gaardnavne (finst i ikkje-brukarvennleg digital versjon her). Historia om dette verket er nesten verd eit eiget blogginnlegg. Oppsummert kan ein seia at nokre forskarar på 1800-talet, med arkeologen Oluf Rygh i spissen, samla inn alle skriftlege kjelder om gardsnamn i Noreg, tolka dei, og gav dei ut i band. Eit band per fylke. Denne metoden danna grunnlag for korleis namnegransking blei utført i resten av verda. Samstundes har det ført til at den norske garden har fått ein større plass i norsk onomastisk forskingstradisjon, sjølv om dette delvis òg har å gjera med korleis den norske busetnaden har vore organisert.

Men namneforskarar gjer meir enn å samla inn namn og tolka det etymologiske opphavet som ligg bak namna. Stadnamn fortel oss ofte ein heil del om korleis ein har organisert samfunnet eller oppfatta verda omkring seg. Me kan finna ut korleis ein har utøva religion, korleis ein har drive jordbruk eller fangst og fiske, eller korleis bebyggelsen har utvikla seg gjennom tidene. Det språklege innhaldet i namn kan òg fortelja oss om språkkontakt. For eksempel finst der jo ein heil haug av skandinaviske stadnamn på dei britiske øyene og i Normandie. Kor langt sør i Skandinavia kan me treffa på samiske namn, og kva kan dei fortelja oss? Desse eksempla er berre ein brøkdel av det namnegranskarar kan forska på. Dette gjer samstundes at namnegransking som utgangspunkt eigner seg særs godt i samarbeid med andre disiplinar, som historie, arkeologi, religionsvitskap, sosiologi og antropologi. 

Stadnamn kan oppdelast i ulike kategoriar, jf. figuren under, som kan hjelpa namneforskarane til å avgrensa kva dei skal undersøka i ein bestemt studie. Og avgrensing er viktig, for me har mange millionar stadnamn berre i Noreg. Det er umogleg å gå gjennom alle namna i ein enkelt studie.

Ola Stemshaug laga denne oppdelinga av stadnamn i 1985. Ein kunne òg velja å oppdela namn på ein annan måte, f.eks. ved å setja hovudskilje mellom naturnamn og kulturnamn. Då ville teignamn og liknande falla inn under kategorien kulturnamn, ettersom teigar blir brukte som del av jordbruket.

Forsking på urbane namn er ein annan moglegheit. I byane oppstår namn ofte på ein annan måte enn utanfor byane. I jordbruks- og bygdeområde blir namn danna over lang tid ut frå kva som er vanleg på staden, og dessutan skal befolkinga i nærområdet vera "einige" om at det er dette namnet me bruker om denne staden. I byane dannar ein gjerne namn hurtig, og f.eks. firma vil gjerne bestemma sjølv kva namnet skal vera. Gater og plassar får offisielle namn, men ein kan gjerne ha uoffisielle namn ved sidan av. Namna i byen har òg andre konvensjonar om korleis dei kan byggast opp. Café Opera, Salong Jeanett eller Galleri Fisk har  "omvendt" ordstilling samanlikna med korleis me elles set saman namn. Me møter òg namna i byen på ein annan måte, der dei til dømes står på dørtelefonar, på fasaden ved butikkar eller på skilt over dører. Dette gjer at ein får ei heilt unik måte å leika med språkleg og visuelt uttrykk, noko me kallar for multimodalitet. 

Er det bokstaven H, eller ei seng? Begge delar, sjølvsagt. Bilde: Krister SK Vasshus


Multimodalitet i tekstlig uttrykk, der bokstaven y er forma av strikkepinner. Bilde: Krister SK Vasshus

I andre språk og kulturar oppfører stadnamn seg anleis enn i Skandinavia. I vestleg apache kan stadnamn vera så tett knytta til ei forteljing at namnet kan bli brukt som ei form for skildring av ein person, situasjon eller sinnsstemning. I maori kan dei nesten vera ein historie i seg sjølve, noko som gjer at dei kanskje òg har verdas lengste stadnamn i Taumatawhakatangihangakoauauotamateaturipukakapikimaungahoronukupokaiwhenuakitanatahu. Du kan høyra uttalen av det namnet her

Sjølvsagt er dette berre ein liten smakeprøve på kva stadnamnegransking kan vera, og disiplinen er under utvikling heile tida. I Norden har me ein nordisk samarbeidskomite for namnegransking (NORNA) som med jamne mellomrom held konferansar, kongresser, seminar og førelesingar. The International Council of Onomastic Sciences (ICOS) er noko tilsvarande for heile verda, og har eit eige tidsskrift, Onoma. Behovet for norske namneforskarar vil aldri ta slutt, for me har offentleg normering og forvalting av stadnamn, og då er det viktig at dei som arbeider med dette, har fagkunnskapen på plass.