Om bloggen

Språk meg! er ein språkblogg i kreativitetens og folkeopplysningas ånd. Ønsket mitt er å vidareformidla språkforsking på ein spennande og interessant måte som alle kan forstå, og å fremja språkleg kreativitet. Namnet på bloggen, Språk meg!, er ein umogleg setning på norsk med mindre me lagar ei ny tyding av verbet å språka. Om dette verbet kan bety 'snakka om språk, gi språkinformasjon, gi inspirasjon til språkleg nyskaping', så gir namnet meir meining. Målgruppa for bloggen er først og fremst folk som ikkje har høgare utdanning innanfor språkfag, men som berre synest at språk er kjekt og spennande å kunna noko om. Nokre av tekstane her vil vera korte fun-facts om ord eller uttrykk, mens andre vil vera lengre forklaringar på kva språkforsking kan vera, og kva forskarane finn ut av. Eg vil òg skriva om språkpolitiske spørsmål, og ytra mine eigne haldningar.

Namnet mitt er Krister SK Vasshus, og eg er doktorgradsstipendiat i nordisk språk med tilknyting til Språksamlingane ved Universitetet i Bergen. Der forskar eg på språkkontakt mellom dei skandinaviske språka, med særleg forkus på stadnamn. Eg har òg arbeidd med sosiolingvistikk, lærarutdanning og norskopplæring for folk som kjem frå andre land og vil læra norsk. Personlege interessar som religionsvitskap, arkeologi, historie og biologi speglar seg i dei faglege interessene mine, noko du sikkert vil kjenna igjen i tekstane på bloggen.

Bloggforfattaren i eigen person. Foto: Krister SK Vasshus.
Dei fleste av oss har ting me lurer på. Kva betyr eigentleg namnet ditt? Korfor skriv me eit ord på akkurat den måten? Kor lenge har me snakka norsk i Noreg? Korfor har me to skriftspråk, og ikkje samnorsk? Har du spørsmål, skal du ikkje nøla med å kontakta meg på krister.vasshus@uib.no, så svarer eg deg så godt eg kan.