Dagens etymologi: Barsel

Eg har akkurat starta ein type arbeidspermisjon som ofte blir kalla barsel. Då høver det seg godt å seia  noko om sjølve ordet barsel.

Det eldste skriftlege belegget for dette ordet (som eg har funne jaffal) er frå 1294 i danske kjelder. Då er ordet skrive barsøll, og dette kjem av eldre barnsøl. I dei tidlegaste kjeldene ser barsel ut til å vera eit gjestebod der ein ikkje må servera meir enn fem retter, og der bøner til jomfru maria skal syngast. Og ut ifrå sjølve ordet å døma, kan me tolka at øl har ei spesielt viktig rolle i desse gjesteboda.

Sjølv om dei eldste kjeldene til ordet er frå mellomalderen, er det ikkje usannsynleg at konseptet har lang fartstid, og eg tipper at dei hadde denne feiringa jaffal så tidleg som i vikingtida.

Vikingtidas stormenn kan ha invitert til gjestebod i samband med familieauking, og kanskje har ordet barsel opphav der. Bilde: Halfdan Egedius' illustrasjon av at "Sigvalde Jarl gjør Løfte ved Mindebægret" i Snorres Edda.